Coffinitt

Coffinitt er eit grått til svart uranmineral, U(SiO4)1-x(OH)4x. Det er ganske utbreidd saman med uraninitt i einskilde førekomstar (til dømes Colorado i USA). I Noreg er det påvist frå Biggejávri i Finnmark.

Coffinitt

Bekblende og coffinitt i ein prøve frå ei tsjekkisk gruve
Generelt
KategoriNesosilikat
Kjemisk formelU(SiO4)1-x(OH)4x
Strunz-klassifisering09.AD.30
KrystallsymmetriTetragonal 4/m 2/m 2/m ditetragonal dipyramidal
Einingscellea = 6.97 Å, c = 6.25 Å; Z = 3
Identifikasjon
FargeSvart (frå organiske inklusjonar; bleik til mørkebrun i tynne seksjonar
KrystallformSjeldan som krystallar, vanlegvis som kolloform til botryoidale skorper, trådaktig, støvforma massar
KrystallsystemTetragonal
BrotUjamn til undermuslig
FastleikSprø til friable
Mohs hardleiksskala5-6
GlansMatt til diamantglans
Strekfargegråaktig svart
TransparensUgjennomsiktig, gjennomsiktig i tynne kantar
Spesifikk vekt5.1
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+/-)
Brytingsindeksnα = 1.730 - 1.750 nβ = 1.730 - 1.750
Dobbeltbrytingδ = 1.730
PleokroismeModerat; bleik gul-brun parallell til og medium brun vinkelrett til den lange aksen.
Endrar seg tilMetamikt
Andre eigenskaparRadioaktiv
Kjelder[1][2][3][4][5][6][7][8][9][10][11]

Det vart først skildra i 1954 etter ein førekomst i La Sal No. 2 Mine i Beaver Mesa i Mesa County i Colorado i USA,[3] og kalla opp etter den amerikanske geologen R. C. Coffin (1886–1972).

Kjelder

Bakgrunnsstoff