Christopher Stensaker
norsk politikar
Christopher Stensaker (22. januar 1945–31. juli 2018) var ein norsk politikar, fødd i Trondheim, som 1997-2005 var stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag, vald for Framstegspartiet.
Far til Stensaker var byarkitekt i Trondheim. Sjølv gjekk han militær forskole og yrkeskole. Sidan hadde mange ulike jobbar, så som seljar, butikksjef, sjåfør, maskinførar, bygningsarbeidar, kjølemontør, kokk og fiskar.
Stensaker representerte 1981-97 Framstegpartiet i Sør-Trøndelag fylkesting, frå 1984 som medlem av fylkesutvalet. Valperioden 1988-91 var han i tillegg bystyremedlem i Trondheim. Frå 1997 til 2005 var han vald inn på Stortinget. Den fyrste perioden, 1997–2001, hadde han sete i Samferdslekomitéen, i den andre, 2001–2005, i Utanrikskomitéen.
Kjelder
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen