Bystasjonen haldeplass

Bystasjonen er ein haldeplass på linje 1 på Bybanen i Bergenhus bydel, og opna 22. juni 2010 saman med resten av haldeplassane på fyrste byggjesteget av Bybanen. Stasjonen ligg på Bystasjonen med tilkomst mellom anna gjennom Bergen Storsenter, òg kjend som Bergen busstasjon eller Busstasjonen. Jarnbanestasjonen Bergen stasjon ligg ikkje særleg langt frå haldeplassen. Men den næraste haldeplassen på bybanen for dei som skal skifte mellom tog og bybanen, er Nonneseter haldeplass, som ligg rett framfor den vestre inngangen til jarnbanestasjonen.

Bystasjonen


Den gamle busstasjonen, som no er heilt ombygd, der haldeplassen ligg i dag

Stasjonsområde
StadBystasjonen i Bergenhus i Bergen
Distanse0,78 km frå Byparken
Opna22. juni 2010
ArkitektCUBUS
Plattformer2
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bybanen
Operatør(ar)På vegne av Skyss:
Fjord1 Partner (2010-2014)
Keolis Norge (2014-i dag)
Rute(r)Byparken-Lagunen
Overgang
BussBystasjonen (Bergen busstasjon/Bergen Storsenter)
TogBergen stasjon
Kart
Bystasjonen stasjon