Butterdeig

Butterdeig (frå tysk for ‘smørdeig’) er ein laminert deig laga med smør eller i nyare tid også margarin og liknande. Deigen blir også kalla smørdeig, men er eigentleg berre ein type smørdeig.[1]

Tillaging av butterdeig der ei smørplate blir pakka inn i deigen før kjevling.

Ein lagar butterdeig ved å kjevla ut lag av deig med smør mellom. Ein brettar deigen og kjevlar han ut på ny fleire gonger, til ein får ei rekkje slike lag.[1] Til sist kan ein oppnå 150-200 lag.[2]

Mellom kvar omgang er det vanleg å kjøla ned deigen, så ikkje smøret smeltar. Resultatet er at deigen blir flakete og sprø når ein steiker han.[1]

Butterdeig blir brukt til mange typar bakverk, som croissant,[3] millefeuille eller napoleonskake[4] og mange fylte paiar.[1]

Kjelder