Burot
Burot (Artemisia vulgaris) er ein plante i korgplantefamilien. Han finst over heile landet, men er sjeldan i Finnmark.[2] Planten blomstrar frå juli/august. Han er og kjend under namn som gråbo, bugrasrot og gråbonde.Ifølgje Cappelen Damms flora er heile planten giftig for husdyr.
Burot | |
![]() Burot | |
Status | |
Status i Noreg: ![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Stamme: | Anthemideae |
Understamme: | Artemisiinae |
Slekt: | Malurtslekta Artemisia |
Art: | Burot A. vulgaris |
Vitskapleg namn | |
Artemisia vulgaris |
Planten har ei sterk lukt, stive, meterhøge stenglar, blad som er mørkegrøne på oversida og sølvgrå hårete på undersida. Dei bitte små blomstrane er samla i gråbrune korger. Pollineringa skjer ved hjelp av vinden. Planten dannar mykje pollen, som kan utløysa allergi.
Utbreiing
Burot finst over store delar av verda. Planten har opphav i tempererte delar av Eurasia. Han ser ut til å ha vore blant dei første plantane som voks i Danmark etter siste istid. I Noreg har han anten halde til ved kysten og i urer, eller blitt innført. Han spreier seg no nordover og oppover i landet, og blir rekna som ugras.
Bruk
Burot har vore brukt som legeplante sidan oldtida, mellom anna mot livmorsjukdommar og til å lindra menstruasjonssmerter. Dessutan har planten vore brukt mot lopper og lus.
Planten har lenge vore brukt i kinesisk matlaging, og blir nytta i riskaker i Kina, Korea og Japan. Burot blir ein sjeldan gong brukt i europeisk matlaging som ein bitter krydderurt, mellom anna som fyll til gåsesteik til jul.
Kjelder
- Erik Bruun og Budde Christensen: Klassiske legeplanter
- Leif Ryvarden: Norges planter
- Mugwort (Artemisia vulgaris L.) ved Gernot Katzer’s Spice Pages
- Burot ved pollenvarslingen.no
- Referansar
Bakgrunnsstoff
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Commons-logo.svg/15px-Commons-logo.svg.png)