Burny Mattinson

Burnett «Burny» Mattinson (13. mai 193527. februar 2023) var ein amerikansk storyboardkunstnar. Han arbeidde for Walt Disney Animation Studios i ei årrekkje etter at han blei tilsett der i 1953. Han var lenge offisielt den lengst tilsette medarbeidaren ved The Walt Disney Company.[1]

Burny Mattinson
Fødd13. mai 1935
FødestadSan Francisco
Død27. februar 2023 (87 år)
DødsstadCanoga Park
FødenamnBurnett Mattinson
Verka somstoryboard-artist, filmregissør, filmprodusent, character animator, manusforfattar
EktefelleSylvia Mattinson
PrisarDisney Legends, Winsor McCayprisen

Mattinson blei utnemnd til ein av Disney Legends i 2008.[2]

Bakgrunn

Mattinson blei fødd i San Francisco i 1935. Faren, Bernie Mattinson frå Canada, var jazztrommeslagar, og turnerte med storbandet til Horace Heidt. Mora, Hannah Estevez, hadde budd i San Jose i California, og arbeidde ved eit konsertlokale der ho møtte trommeslagaren. Kort tid etter blei dei gifte. Begge foreldra var av britisk avstamming.[3] Før han var seks tok mora Mattinson for å sjå teiknefilmen Pinocchio (1940) ved Orpheum Theatre i San Francisco.[4] Guten blei fengsla av animasjonen, og byrja å øva seg på å teikna Disney-figurar gjennom heile skuletida. I 1945 flytta familien til Los Angeles etter at storbandet faren spelte for blei oppløyst.[3]

Etter å ha fullført high school, spurte mora Mattinson kva han ville arbeida med. Han svarte at han tenkte på å prøva seg hjå Disney, «I will go over there and see about getting a job.»[4] Mora køyrde han til Disney-studioet, der Mattinson gav kunstporteføljen sin til ei vakt. Vakta fortalde han at han ikkje kunne koma inn utan ein avtale, men bladde gjennom eksempla til Mattinson, og blei imponert nok til å ta kontakt med personalsjefen Ken Seiling. Det var ingen ledige stillingar i animasjonsavdelinga, men Mattinson fekk ei stilling i ei anna avdeling.[5]

Karriere

Mattinson blei lært opp av Johnny Bond, ein in-betweener, det vil seia ein animatør som lagar mellombilde mellom to hovudbilde i ein animasjon. Etter seks månader byrja Mattinson som in-betweener for Lady and the Tramp (1955).[4][6] Etter utgjevinga av filmen blei dei fleste animatørane sagde opp, men Mattinson blei assistentanimatør for Johnny Walker for Marc Davis sitt prosjekt Sleeping Beauty (1959). Etter at Walker forlet jobben, fekk Mattinson stillinga hans.[3] Han arbeidde med figuren til den vonde heksa, Maleficent. Mattinson sa om utforminga av karakteren: «We purposely kept her controlled and quiet and we let her dialogue do her acting for us. The reason for this was that we wanted to use those moments of when she exploded as accents that would frighten the audience. We kept her sweet, nice and controlled and then let her blow up on purpose.»[7]

Mattinson laga in-between-animasjon for One Hundred and One Dalmatians (1961). Han teikna også illustrasjonar til bokversjonen av filmen i Little Golden Books-serien. Etter ein ny runde oppseiingar blei Mattinson gjeven eit nytt oppdrag som assistent for Eric Larson.[4] I Larson si gruppe animerte han Ludwig von Drake for fjernsynsserien The Wonderful World of Color.[4] Deretter følgde The Sword and the Stone (1963), Mary Poppins (1964), The Jungle Book (1967) og The Aristocats (1970).

På 1970-talet hadde Disney eit internt opplæringsprogram for å læra opp assistentanimatørar. Mattinson tok del i dette programmet, og laga ein animasjonstest innan åtte veker. Animasjontesten hans av Prince John frå Robin Hood (1973) blei godkjend, og Mattinson blei figuranimatør under Ollie Johnston.[4] Deretter arbeidde han på Winnie the Pooh and Tigger Too (1974), der han animerte Kanga, Roo, Tigger og Rabbit.[8] Animatøren Frank Thomas hadde merka seg Mattinson sine miniatyrskisser, og føreslo at han skulle arbeida med The Rescuers (1977). Mattinson utarbeidde så storyboard og designa titlane til filmen. Han gjorde det same med The Fox and the Hound (1981) og The Black Cauldron (1985).[4]

Til The Black Cauldron (1985), hadde han, Mel Shaw, og fleire andre kunstnarar laga stoyboard for fleire sekvensar frå dei fyrste to bøkene av The Chronicles of Prydain. Under eit møte kritiserte regissørane ein sekvens Mattinson hadde laga storyboard for, og meinte han ikkje var klar til å byrja produksjon. Mattinson, som var kjend som ein godmodig person, eksploderte i sinne, og var deretter redd for at han hadde sett Disney-karrieren sin i fare.[9] Då han kom heim frå jobb var han nedstemd, og fortalde kona si Sylvia kva som hadde skjedd. Ho minna han om eit prosjekt Mattinson hadde vore interessert i, og bad han gjera noko med det – «stop talking and start doing».[10] Mattinson hadde lenge ønska å utføra eit prosjekt med «Fab Five»-figurane (Mikke, Minnie, Donald, Langbein og Pluto). Han hadde høyrt på eit Disneyland Storyteller-album frå 1974 kalla An Adaptation of Dickens' Christmas Carol Performed by the Walt Disney Players skrive av Alan Young, som også gav stemme til Skrue McDuck).[11]

I mars 1981, oppmuntra av kona, sende Mattinson eit presentasjonsbrev på to avsnitt i lag med albumet til den dåverande leiaren for Disney, Ron Miller. Neste dag bad Miller Mattinson han om å koma inn på kontoret sitt, og spurde han sint om brevet. Mattinson forsvarte ideen sin, og Miller avslørte at han berre spelte, erklærte at det var ein flott ide og godkjente prosjektet. Mattinson blei regissør og produsent for Mickey's Christmas Carol, som kom ut i 1983.[12] Ifølgje Mattinson var prosjektet opphavleg tenkt som ein 24-minutt lang fjernsynsepisode som kunne sendast årleg frå jula 1982, men ein streik blant animatørane det året forseinka produksjonen.[13] Filmen blei seinare gjeven ut som kortfilm på kino i lag med gjenutgjevinga av The Rescuers (1977) i 1983. Filmen blei nominert til Oscar for beste animerte kortfilm i 1984, men tapte for Sundae in New York (1983).

Suksessen til Mickey's Christmas Carol førte til at Mattinson blei hyra som regissør for The Great Mouse Detective (1986).[2] I 1984, under produksjonen, blei Miller tvinga ut som leiar for Disney og erstatta av Michael Eisner og Frank Wells. Roy E. Disney, som hadde vore leiar for animasjonsdepartmentet, erstatta Miller som produsent med Mattinson. Men rolla som både produsent og medregissør blei for mykje for Mattinson, og han valde å berre vera produsent. Ron Clements, som då var story-artist, blei henta inn som medregissør.[14] Under produksjonen av Oliver & Company (1988) flytta Mattinson til Orlando i Florida for å arbeida ei kort stund ved Disney-MGM Studios ved kortfilmavdelinga deira. Der valde dei tilsette, på leit etter eit nytt prosjekt, å fullføra ein kortfilm om Mikke Mus kalla Plight of the Bumblebee. Nokre år før, i 1981, hadde Daan Jippes funne fleire delar av dette prosjektet, mellom anna det ferdige lydsporet. Gruppa filma ein presentasjon for Disney-leiarane, men leiaren for studioet Jeffrey Katzenberg valde å ikkje fullføra prosjektet.[15][16]

På 1990-talet var Mattinson storyboard-kunstnar på nesten alle Disney-filmane som blei gjevne ut på kino, som Beauty and the Beast (1991), Aladdin (1992), og The Lion King (1994). Rundt denne tida byrja han å samarbeida med Joe Grant, som han fyrst hadde møtt under laginga av Beauty and the Beast (1991). Dei to blei saman med storyboard-kunstnaren Vance Gerry kjende som «Geriatricals» ('Gamlingane'), og utvikla idear frå barnebøker og nylaga forteljinga som dei prøvde å få laga film av.[17] Ein av dei forkasta ideane Mattinson utvikla med Grant var Bitzy, som handla om ein indisk elefant som drog heimefrå for å prøva lukka i Hollywood, men i staden ende opp tilsett ved ein bruktbilbutikk og forelska seg.[18] Mattinson var head of storyDumbo II, eit prosjekt som etterkvart blei kansellert av John Lasseter.[19]

I 2008 blei Mattinson tildelt Disney Legends Award.[2] Eit år seinare bad regissørane Stephen J. Anderson og Don Hall han om å arbeida som story supervisor på Winnie the Pooh (2011), sidan han hadde arbeidd med desse karakterane på 1960-talet.[20] I mars 2011 kunngjorde Mattinson at han hadde ein ide for ein film i full lengd med Mikke Mus som hovudfigur.[21]

Filmar

YearTitleRolle
1955Lady and the TrampInbetweener (ikkje kreditert)
1958Paul BunyanFiguranimatør (ikkje kreditert)
1959Sleeping BeautyFiguranimatør (ikkje kreditert)
1960Goliath IIFiguranimatør (ikkje kreditert)
1961101 DalmatiansInbetweener (ikkje kreditert)
1963The Sword in the StoneFiguranimatør (ikkje kreditert)
1964Mary PoppinsInbetweener (ikkje kreditert)
1966Winnie the Pooh and the Honey TreeAnimatør
1967The Jungle Book
1968Winnie the Pooh and the Blustery Day
1970The Aristocats
1971Bedknobs and BroomsticksInbetweener (ikkje kreditert)
1973Robin HoodFiguranimatør
1974Winnie the Pooh and Tigger TooAnimatør
1977The Many Adventures of Winnie the Pooh
The RescuersStory
Pete's Dragon
1978The Small One
1981The Fox and the Hound
1983Winnie the Pooh and a Day for EeyoreAnimatør
Mickey's Christmas CarolWriter/Director/Producer
1985The Black CauldronAdditional Story Contributions
1986The Great Mouse DetectiveWriter/Director/Producer
1987The Brave Little ToasterAdditional Story Contributions
1988Oliver & CompanySpecial Thanks
1990The Prince and the PauperStoryboard Artist
1991Beauty and the BeastStory
1992Aladdin
1994The Lion King
1995Pocahontas
1996The Hunchback of Notre Dame
1998Mulan
1999Tarzan
2008Tinker Bell
2011Winnie the PoohStory Supervisor
2014Big Hero 6Story Artist
2018Ralph Breaks the InternetAdditional Story Artist

Mattinson gifta seg med Sylvia Fry, som også arbeidde som in-betweener på Sleeping Beauty (1959).[3] Dei har tre barn.[2]

Kjelder