Bruqin

Bruqin (arabisk إبروقين) er ein palestinsk by som ligg 13 kilometer vest for Salfit i Salfit guvernement nord på Vestbreidda og like ved den israelske busetjinga Brukhin. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 236 i 2007.[2] Bruqin låg tidlegare langs ei kamelhandelsrute. Det finst spor etter romarane i byen, med tre dammar og ei grav frå denne tida.[3]

Bruqin
إبروقين, Buruqin, Ibruqin
kommune
Namneopphav: Berukin[1]
Land Dei palestinske territoria
GuvernementSalfit guvernement
Koordinatar32°04′16″N 35°05′58″E / 32.07111°N 35.09944°E / 32.07111; 35.09944
Areal13,2 km²
Folketal 3 236  (2007)
Folketettleik245 / km²
BorgarmeisterEkremah M. Samara
Kart
Bruqin
32°04′16″N 35°05′58″E / 32.071111111111°N 35.099444444444°E / 32.071111111111; 35.099444444444
Wikimedia Commons: Bruqin

Arkeologi

Bruqin er ein eldgammal stad. Den franske oppdagaren Victor Guérin fann fleire store tilpassa steinar i murane til moderne hus, og ei gammal grav nær landsyen med to gravliknande kammer.[4]

Historie

Staden var oppført i osmanske skattelister i 1596 som Bruqin i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde då eit folketal på 16 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[5]

I 1870 estimerte Guérin at landsbyen hadde 300 innbyggjarar.[6] I «Survey of Western Palestina» i 1882 vart landsbyen (kalla Berukin) skildra som ein «mellomstor landsby på enden av ein utstikkar, og ein bratt skrent ned til dalen nedanfor. Det var kjelder like nedanfor husa. I sør ligg grotter, og i nord oliven.»[7]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Bruqin eit folketal på 367, alle muslimar.[8] medan Burqin i folketeljinga i 1931 hadde 90 busette hus og eit folketal på 534, igjen alle muslimar.[9] I 1945 var folketalet 690, alle arabarar, medan det samla landarealet var 12 628 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 3 175 for plantasjar og irrigert land, 2 301 for korn,[11] medan 28 mål var klassifisert som utbygde område.[12]

Kjelder

Bakgrunnsstoff