Breaking My Heart av Reiley

song frå 2023 med Reiley
«Breaking My Heart»
Song av Reiley

LandDanmark, Færøyane
SpråkEngelsk
Utgjeve19. januar 2023
SjangerElektropop
Lengd02:43
SelskapAtlantic
Låtskrivar(ar)Bård Mathias Bonsaksen, Hilda Stenmalm, Rani Petersen, Sivert Hjeltnes Hagtvet

«Breaking My Heart» (norsk omsetjing ‘knuser hjartet mitt’) er ein dansk poplåt frå 2023 med den færøyske songaren Reiley. Låten vann Dansk Melodi Grand Prix 2023 og var det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen

«Breaking My Heart» er skriven av den færøyske artisten Rani Petersen, kjend som Reiley. Han skreiv songen saman med dei norske låtskrivarane Bård Mathias Bonsaksen og Sivert Hjeltnes Hagtvet, og den svenske artisten Hilda Stenmalm.

«Breaking My Heart» blei vald ut til å delta i den danske songtevlinga Dansk Melodi Grand Prix 2023. I forkant av finalen blei det kjend at Reiley hadde framført låten under ein konsert i Seoul i Sør-Korea i oktober 2022.[1] Dette var i strid med dei danske tevlingsreglane, men danske DR avgjorde at låten likevel skulle få delta. Grunngjevinga var at framsyninga ikkje hadde gjeve Reiley noko spesielt tevlingsfortrinn.[2][3]

Finalen av Dansk Melodi Grand Prix blei arrangert laurdag 11. februar, og «Breaking My Heart» avanserte til superfinalen. Der vann songen tevlinga med totalt 43 prosent av røystene.[4]

Som vinnar av Dansk Melodi Grand Prix blei «Breaking My Heart» det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Der deltok han i den andre semifinalen torsdag 11. mai, og var det fyrste bidraget på scena. Låten enda som nummer 14 av 16 med 6 poeng, og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[5] Dette var tredje år på rad at Danmark ikkje kvalifiserte seg til finalen.[6]

Listeplasseringar

Liste (2023)Høgaste
plassering
 Danmark (Tracklisten)[7]31

Kjelder