Brage den gamle

Brage den gamle[Note 1] eller Brage Boddason (norrønt: Bragi hinn gamli) var ein skald som levde i tida frå omkring 800 til 850. Han var truleg norsk og han er den eldste skalden vi har skaldedikt etter.

Brage den gamle
StatsborgarskapIsland
Fødd800
Død
Yrkeskald, skribent
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

(I den norrøne mytologien er Brage òg namnet på guden for dikting og skaldekunst.)

Sjølv om kjeldene er usikre, blir Brage den gamle i dag rekna som ein historisk person[1], og truleg budde han ein stad sør på Vestlandet. I den islandske landnåmaboka[2] (kafli 22) er det nemnt om Brage at han var gift med Lofthøna (Lofthænu), dotter til skalden Erp lutande (Erps lútanda) og han hadde ei dotter som heitte Astrid Sløkedreng (Ástríður slækidrengur). I Landnåmaboka er òg nemnt mellom etterkomarane etter Astrid, både Arinbjørn herse i Firda og skaldane Tind Hallkjellsson og Gunnlaug Ormstunge .

I Skaldatal[3] er Brage den gamle ført opp som skald hos kongane Ragnar Lodbrok, Eystein Bele og Bjørn på Haug.[Note 2] Snorre Sturlason siterer dikt av Brage både i Skaldskaparmål[4] og i Ynglingesoga i Heimskringla. Han skal òg ha vore skald hjå den mytiske kongen Hjor Halvsson og han er nemnd i fleire av islendingesogene, mellom andre soga om Halv og Halvsrekkene[5], soga om Geirmund Heljarskinn[6], soga om Hervor[7] og i soga om Egil Skallagrimsson[8]

Dikta etter Brage den gamle er rekonstruert frå ulike kjelder og forståinga av dei er usikker. Desse dikta er kjende:

  • Ragnarsdråpa[9] 12 vers, eit skjoldkvad, truleg til Ragnar Lodbrok.
  • Tor og Midgardsormen[10] 6 vers
  • Fragment[11] 6 vers
  • Lausavise[12] eit vers, to versjonar
  • Brage og trollkvinna[13] 1 vers

Notar

Referansar

Bakgrunnsstoff