Blues Breakers with Eric Clapton
Blues Breakers with Eric Clapton Studioalbum av John Mayall & the Bluesbreakers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. juli 1966[1] | |
Innspelt | Mars-april 1966 | |
Studio | Decca i London[2] | |
Sjanger | Bluesrock[1], blues[3] | |
Lengd | 37:39 | |
Selskap | Decca | |
Produsent | Mike Vernon | |
John Mayall-kronologi | ||
---|---|---|
John Mayall Plays John Mayall (1965) | Blues Breakers with Eric Clapton | A Hard Road (1967)
|
Blues Breakers with Eric Clapton (òg kjend som The Beano Album) er eit blues/bluesrockalbum av John Mayall & the Bluesbreakers frå 1966 med Eric Clapton i bandet. Det var det andre albumet gjeve ut av John Mayall etter konsertalbumet John Mayall Plays John Mayall. Clapton slutta i bandet for å skipe Cream etter denne innspelinga, men spelte med Mayall att i 1971 på dobbelplata Back to the Roots.
Albumet vert òg kalla The Beano Album fordi Clapton på plateomslaget les The Beano,[4] ein britisk barneteikneserie. Clapton sa i sjølvbiografien sin at han las The Beano på omslaget fordi han ønskte å vere «lite samarbeidsvillig» under fotograferinga.[2] Fotografen var Derek Wedgbury og staden var nær Old Kent Road.
Bakgrunn
Opphavleg hadde John Mayall tenkt at det andre albumet hans òg skulle vere eit konsertopptak for å fange gitarsoloane til Eric Clapton. Ein konsert vart teken opp på Flamingo Club, med Jack Bruce (som Clapton kort tid seinare spelte med i Cream) på bass. Kvaliteten på konsertopptaka var derimot dårleg og derfor ikkje nytta.[5]
Innspeling
Då dei skrinla konsertopptaka av albumet, gjekk John Mayall & the Bluesbreakers i Decca Studios i West Hampstead i London i mars 1966. Gitaren som Eric Clapton brukte under innspelinga var ein sunburst 1960 Gibson Les Paul Standard. Denne gitaren (som vart stolen i 1966 og aldri funnen att)[6] vert òg kalla «Blues Breaker» eller «Beano» Les Paul og ei etterlikning vart produsert av Gibson i 2012.[6] Kritikarar reknar gitartonen og spelinga til Clapton på dette albumet som særs viktig for den kunstnariske og kommersielle utviklinga av gitarspel innan rocken.[7]
Bandet på dette albumet omfattar Mayall på piano, Hammondorgel, munnspel og det meste av vokalen; bassisten John McVie; trommeslagaren Hughie Flint og Clapton. I tillegg vart det sidan lagt på blåsarar med Alan Skidmore, Johnny Almond og Derek Healey (feilskrive på omslaget som den dåverande britiske forsvarsministeren Dennis Healey).
Songar
Albumet består av bluesstandardar av kjende artistar som Otis Rush, Freddie King og Robert Johnson, i tillegg til eit par originale songar skrivne av Mayall og Clapton. Dei fleste songane var eit utstillingsmonter for gitarspelinga til Clapton. Sjølv om han song på fleire av Yardbirds-innspelingane, var «Ramblin' on My Mind» første gongen Clapton song solovokal, noko han hadde vore motvillig til.[2]
Ettermæle
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
About.com | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Virgin Encyclopedia of the Blues | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
BBC | (særs positiv)[10] |
Chicago Tribune | ![]() ![]() ![]() ![]() |
Record Collector | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Down Beat | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Musician | (positiv)[14] |
Living Blues | (positiv)[15] |
I 2003 vart albumet rangert på 195. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[16]Albumet er òg oppført i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[17]
Bortsett frå å vere eit av dei mest innverknadsrike bluesalbuma gjennom historia, var det òg starten på den no legendariske kombinasjonen av ein Gibson Les Paul-gitar gjennom ein Marshall Bluesbreaker-forsterkar med overdrive.[4]
Innhald
Originalalbumet[1]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «All Your Love» | Otis Rush | 3:38 |
2. | «Hideaway» | Freddie King, Sonny Thompson | 3:17 |
3. | «Little Girl» | Mayall | 2:36 |
4. | «Another Man» | Mayall | 1:47 |
5. | «Double Crossing Time» | Clapton, Mayall | 3:04 |
6. | «What'd I Say» | Ray Charles | 4:28 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Key to Love» | Mayall | 2:08 |
8. | «Parchman Farm» | Mose Allison | 2:22 |
9. | «Have You Heard» | Mayall | 5:56 |
10. | «Ramblin' on My Mind» | Robert Johnson | 3:08 |
11. | «Steppin' Out» | L. C. Frazier | 2:30 |
12. | «It Ain't Right» | Little Walter | 2:45 |
1998-utgåva på Deram
Denne utgåva inneheld alle songane i både mono og stereo: 1–12 som over i mono, 13–24 som 1–12 over i stereo.
2001-utgåva på Deram
Denne utgåva ineheld to bonusspor frå ein singel:
- «Lonely Years» (Mayall) – 3:21
- Singel frå august 1966.[18]
- B-sida til «Lonely Years».[18]
40-årsjubileumsutgåvaa (Decca) (2006)
Plate ein
- 1–12 Originalalbumet i Mono
- 13–24 Originalalbumet i stereo
Plate to
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Crawling up a Hill» | Mayall | 2:08 |
2. | «Crocodile Walk» | Mayall | 2:23 |
3. | «Bye Bye Bird» | Sonny Boy Willamson, Willie Dixon | 2:49 |
4. | «I'm Your Witchdoctor» | Mayall | 2:11 |
5. | «Telephone Blues» | Mayall | 3:57 |
6. | «Bernard Jenkins» | Clapton | 3:49 |
7. | «Lonely Years» | Mayall | 3:19 |
8. | «Cheatin' Woman» | Mayall | 2:03 |
9. | «Nowhere to Turn» | Mayall | 1:42 |
10. | «I'm Your Witchdoctor» | Mayall | 2:10 |
11. | «On Top of the World» ((Stereomiks)) | Mayall | 2:34 |
12. | «Key to Love» | Mayall | 2:02 |
13. | «On Top of the World» | Mayall | 2:34 |
14. | «They Call It Stormy Monday» | T-Bone Walker | 4:35 |
15. | «Intro into Maudie» | John Lee Hooker, Mayall | 2:27 |
16. | «It Hurts to Be in Love» | Dixon, Toombs | 3:22 |
17. | «Have You Ever Loved a Woman» | Myles | 6:44 |
18. | «Bye Bye Bird» | Williamson, Dixon | 3:51 |
19. | «Hoochie Coochie Man» | Dixon | 3:53 |
- 1–3: BBC Saturday Club-innspeling
- 4–7: kom ut som singlar (A- og B-sider)
- 8–10: BBC Saturday Club-innspeling
- 11: ikkje gjeven ut før (stereo mix)
- 12–13: BBC Saturday Club-innspeling
- 14: konsertopptak frå Looking Back
- 15–19: konsertopptak frå Primal Solos
Medverkande
- John Mayall – solovokal, piano, Hammond B3-orgel, munnspel
- Eric Clapton – sologitar, solovokal på «Ramblin' on My Mind»
- John McVie – bassgitar
- Hughie Flint – trommer
- Andre medverkande
- Geoff Krivit – gitar (plate to spor 8–10, ikkje med på originalalbumet)
- Jack Bruce – bass (plate to spor 14–19, ikkje med på originalalbumet)
- Alan Skidmore – tenorsaksofon
- Johnny Almond – barytonsaksofon
- Derek Healey – trompet
- Produksjon
- Gus Dudgeon – lydteknikar
- Mike Vernon – produsent
Salslister
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
22. juli 1966 | UK Album Chart | 6[19] |
Salstrofé
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[20] 1998 Release | Gull | 100 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Alle kjende versjonar av John Mayall With Eric Clapton – Blues Breakers, discogs.com
196: Nuggets: Original Artyfacts... 1965-1968 Forskjellige artistar | Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 195 John Mayall with Eric Clapton John Mayall & The Bluesbreakers | 194: Transformer Lou Reed |