Black and Blue

Black and Blue
Studioalbum av The Rolling Stones
Språkengelsk
Utgjeve23. april 1976
Innspelt7–15. desember 1974,
22. januar – 9. februar 1975,
25. mars – 4. april 1975, (overdubbing[1] 19–30. oktober 1975, 3–16. desember 1975, 18. januar – februar 1976)
SjangerHardrock, bluesrock, funkrock, reggaerock
Lengd41:24
SelskapRolling Stones
ProdusentThe Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi 
It's Only Rock 'n Roll
(1974)
Black and BlueSome Girls
(1978)
Singlar frå Black and Blue
  1. «Fool to Cry»
    Utgjeve: 26. april 1976
  2. «Hot Stuff»
    Utgjeve: 1976

Black and Blue er eit album av The Rolling Stones frå 1976. Det var det første studioalbumet deira med Ronnie Wood som erstatning for Mick Taylor på gitar. Wood hadde alt spelt akustisk 12-strengsgitar på songen «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» på albumet It's Only Rock 'n' Roll frå 1974 og er med på halvparten av songane på Black and Blue med Wayne Perkins og Harvey Mandel på gitar på resten av songane.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]
Robert ChristgauA–[3]
MusicHound3/5[4]
NME7/10[5]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[6]

Historie

I desember 1974 reiste The Rolling Stones attende til München i Tyskland, der dei hadde spelt inn det førre albumet, It's Only Rock 'n' Roll, og starta innspelinga av det nye albumet i Musicland Studios, med Mick Jagger og Keith Richards - The Glimmer Twins - som produsentar. Dei ønskte å gje ut albumet før den amerikanske turneen deira sommaren 1975, reiste på ferie og kom attende i januar 1975 til Rotterdam i Nederland for å halde fram arbeidet. Samstundes hadde dei audition for nye gitaristar. Av dei håpefulle var Jeff Beck, Rory Gallagher, Harvey Mandel, Wayne Perkins, Peter Frampton og Ronnie Wood (det var berre Mandel, Perkins og Wood som medverka på det ferdige albumet). Det stod mykje arbeid att på albumet, og dei valde å utsette det eit år, medan samlinga Made in the Shade kom ut i staden.

Etter turneen var over, reiste The Rolling Stones til Montreux i Sveits i oktober for å legge på nokre fleire lydspor og i desember var dei i München for å gjere det same. Black and Blue vart gjort ferdig i New York City i februar 1976.

Stilistisk omfattar Black and Blue funk med «Hot Stuff»; reggae med versjonen deira av «Cherry Oh Baby»; og jazz med «Melody», der Billy Preston fekk syne talentet sitt på saksofon. Musikalske og tematiske stilar vart smelta saman på den sju minuttar lange «Memory Motel», med både Jagger og Richards på solovokal.

Albumet kom ut i april 1976 med «Fool to Cry» som første singel. Albumet nådde andreplassen i Storbritannia og Noreg og låg fire veker på førsteplassen i USA. Albumet fekk blanda kritikk og Creem omtalte det som det første meiningslause Stones-albumet[7]

Som reklame for albumet hengde bandet opp ei kontroversiell reklametavle på Sunset Boulevard i Hollywood som synte modellen Anita Russell, forslått og bunden (av Mick Jagger[8]) med setninga «I'm Black and Blue from the Rolling Stones — and I love it!» Plakaten vart fjerna etter protestar frå ei feministgruppe, men skaffa bandet mykje presseomtale.[9]

To songar som vart spelt inn under innspelinga i Rotterdam vart seinare gjevne ut på Tattoo You frå 1981. Dette var «Slave» og «Worried About You».

Innhald

Alle songar er skrivne av Jagger/Richards, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Hot Stuff»5:20
2.«Hand of Fate»4:28
3.«Cherry Oh Baby» (Eric Donaldson)3:53
4.«Memory Motel»7:07
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Hey Negrita»4:58
6.«Melody»5:47
7.«Fool to Cry»5:04
8.«Crazy Mama»4:34

Medverkande

The Rolling Stones

Andre medverkande

Teknisk

  • LydteknikararKeith Harwood, Glyn Johns, Phil McDonald, Lew Hahn (klipp)
  • Assisterande teknikarar – Jeremy Gee, Dave Richards, Tapani, Steve Dowd, Gene Paul
  • Lee Hulko – mastering i Sterling Sound (1976)
  • Robert Ludwig – CD-mastering i Gateway Mastering Studios (1994)
  • Bea Fleiter – kunstnarisk leiar[10]

Salslister

Vekeslister

Liste (1976)Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[11]4
Canada Top Albums/CDs (RPM)[12]2
Nederlandske album (MegaCharts)[13]1
Tyske album (Media Control)[14]15
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[15]4
Norske album (VG-lista)[16]2
Svenske album (Sverigetopplistan)[17]6
Britiske album (OCC)[18]2
US Billboard 200[19]1

Singles

ÅrSingelListePlassering
1976«Fool to Cry»UK Singles (OCC)6[18]
1976«Fool to Cry»US Billboard Hot 10010[19]
1976«Hot Stuff»US Billboard Hot 10049[19]

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Storbritannia (BPI)[20]Gull100 000^
USA (RIAA)[21]Platina1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder