Berezniki


Berezniki (russisk Березники́) er ein by i Perm kraj i Russland. Han ligg ved elva Kama, rundt 160 km nord for Perm. I 2007 hadde han like under 170 000 innbyggjarar og er med det den nest største byen i Perm kraj.

Berezniki
Березники
Flagget til BereznikiByåpenet til Berezniki
Flagget til BereznikiByvåpenet til Berezniki


Plassering
Berezniki is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
FøderasjonssubjektPerm kraj
Grunnlagd1932
BorgarmeisterAndrej Motovilov
Geografi
Flatevidd
 - By

387 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

167 000
  431,5 /km²
Koordinatar59°25′0″N 56°47′0″E / 59.41667°N 56.78333°E / 59.41667; 56.78333
Høgd over havet130 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer618400–618426
Retningsnummer (tlf)(+7)34242
Nettstad: berezniki.perm.ru/

Han vart grunnlagt i 1932 under den raske veksten til sovjetisk industri under Josef Stalin. Namnet Berezniki kjem frå ein bjørkeskog som låg der byen ligg i dag.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 fall innbyggjartalet i byen frå 220 000 til rundt 190 000 på grunn av aukande arbeidsløyse. Men dei viktigaste industriane i byen klarte likevel å halde seg på sporet. I byen ligg kjemisk industri som titan- og natriumfabrikkar, og fleire store kaliumkarbonat-gruver er i drift rundt Berezniki.

Sjølv om industriverksemdene forureiner ganske kraftig, så er naturmiljøet rundt byen vakkert og unikt på mange måtar. Det er vanleg at ville dyr kryssar gater i utkanten av byen. Skogar og innsjøar er enno reine og fredlege. Mange naturelskarar frå heile Russland kjem hit for vandreturar og ekspedisjonar.

Den første presidenten i Russland, Boris Jeltsin, budde og gjekk på skule i Berezniki.

Berezniki lufthamn ligg 20 km nord for byen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff