Be My Wife

Be My Wife
Singel av David Bowie
frå albumet Low
B-side

Speed of Life

Språkengelsk
Utgjeve17. juni 1977
InnspeltSeptember–November 1976
StudioChâteau d'Hérouville (Hérouville i Frankrike)
SjangerKunstrock
Lengd2:55
SelskapRCA
PB 1017
KomponistDavid Bowie
TekstforfattarDavid Bowie
Låtskrivar(ar)David Bowie
ProdusentDavid Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
«Sound and Vision»
(1977)
Be My Wife«"Heroes"»
(1977)


«Be My Wife» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Dette var den andre singelen hans frå Low (1977), utgjeven 17. juni 1977.

Songen er mindre elektronisk enn resten av albumet og har ein meir vanleg tekst, og er slik nærare ein tradisjonell rockesong enn dei meir fragmenterte tekstane andre stader på albumet. Songen har ein ragtime-piano-opening, som på eit vis rettferdiggjer den noko retro teksten, sjølv om gitarar og trommer snart kjem inn. Songen har ein repeterande tekst. Songen vert tona ut i avslutninga då han går attende til ragtime-pianoet frå starten av songen.

«Be My Wife» vart den første nye Bowie-utgjevinga sidan «Changes» som ikkje gjekk inn på den britiske singellista. Han vart spelt mykje på konsertane til Bowie og Bowie skal ofte ha omtalt songen som «ein av favorittane mine».

Fleire Bowie-analytikarar har rekna songen som ei siste bøn til Angela Bowie i håp om å redde ekteskapet deira. Det hadde oppstått spaning mellom dei to og dei var usamde over kvar dei skulle bu i Europa. Angela hadde tidlegare påverka musikken hans. Han hadde bede ho gifte seg med han med å spele «The Prettiest Star» til ho over telefonen. Til slutt ville ikkje Bowie flytte tilbake til Sveits frå Berlin og forholdet enda omsider med skilsmisse i 1980.

Musikkvideo

«Be My Wife» var tilsynelatande den første offisielle musikkvideoen til Bowie sidan «Life on Mars?». Videoen er faktisk ganske lik. Bowie står aleine mot ein kvit bakgrunn og syng songen aleine. Stanley Dorfman-videoen syner Bowie i sminke og klede inspirert av Buster Keaton og Bowie spelar gitar på ærbødig, fjernt vis.

Innhald

Alle songar skrivne av David Bowie.[1]

  1. «Be My Wife» – 2:55
  2. «Speed of Life» – 2:45

Production credits

Konsertopptak

  • Eit konsertopptak frå Isolar II-turneen-turneen i 1978 vart spelt inn for Stage, men kom ikkje ut før på 2005-utgåva av Stage. Eit anna konsertopptak av songen frå den same turneen kom ut på konsertalbumet Welcome to the Blackout, gjeve ut i 2018.
  • Eit konsertopptak frå Earls Court, London den 1. juli 1978, vart gjeven ut på det halvoffisielle RarestOneBowie i 1994.
  • Eit konsertopptak frå Dublin i 2003 finst på David Bowie - A Reality Tour DVD og CD.

Andre utgjevingar

  • Songen finst på samleplatene:
    • Sound and Vision-boksen (1989)
    • Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
  • Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet.

Andre versjonar

  • Momus framførte ein versjon av songen i 2015 på albumet Turpsycore.
  • Max Lorentz gav ut ein versjon for albumet Kiss You In The Rain - Max Lorentz Sings David Bowie i 2011.
  • Blame - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Exedra - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
  • Milk of Korova - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)

Kjelder

Bakgrunnsstoff