Bakafolk

Bakafolk, kjende i Kongo som bayaka (bebayaka, bebayaga, bibaya),[a] er ei folkegruppe frå dei søraustlege regnskogane i Kamerun, nordre Republikken Kongo, nordre Gabon og sørvest i Den sentralafrikanske republikken. Dei er blitt kalla ei undergruppe av twafolk, men dei to folka er ikkje nært i slekt. På same vis blir namnet «baka» til tider brukt feil om andre folkeslag i området som historisk er blitt kalla pygmear, på same vis som baka- og twafolk. Dette ordet blir no gjerne sett på som nedverdigande.

Bakafolk i Dja-reservatet i Kamerun.
Baka-dansarar i Aust-provinsen i Kamerun.

Identitet

To urfolkskvinner i Kongo.

Bakafolk lever tradisjonelt semi-nomadisk som jegerar og sankarar i regnskogane i Sentral-Afrika. Dei er i gjennomsnitt 1,52 meter høge. Folket blir ofte diskriminert og marginalisert i samfunnet.[1]

Det tradisjonelle leveområdet til bakafolk er søraustlege Kamerun, nordlege Gabon og nordlege Kongo. I Kongo er bakafolk kjende som bayaka.[2] Det finst òg nokre bakafolk sørvest i Den sentralafrikanske republikken.[3] Sjølv om det finst bakafolk i heile den sentralafrikanske regnskogen, er dei hovudsakleg konsentrert i Kamerun. Bakafolket i Kamerun utgjer rundt 30 000 personar.[4]

Bakaleiar i Dja-reservatet.

På same vis som andre jeger- og sankarfolk, som bagyeli og twa, har bakafolk tradisjonelt eit halvnomadisk levesett. På grunn av den intensive avskoginga i den sentralafrikanske regnskogen[5] har dei gradvis blitt meir fastbuande. Press frå dei høgare og dominerande naboane deira, bantufolk, har òg sett grenser for bakafolket til å følgja den tradisjonelle livsstilen sin.

Språket til bakafolk blir òg kalla baka. Det er rekna som eit ubangisk språk,[3] men har mange ord som stammar frå bantuspråk.[6]

Kultur

Jakt og sanking

Bakafolk sankar og jakter tradisjonelt etter maten sin. Menn fanger og drep vilt i skogen rundt, og bruker giftige piler og spyd med stor effekt. Dei tek òg imot hjelp frå hundar når dei går på jakt.

Fiske er svært viktig i bakakulturen, og gutar får opplæring i å bruka fiskestong frå ein ung alder.[7] Mennene fiskar med kjemikaliar som er vunne ut frå knust plantemateriale. Ved å bruke raskt rennande elvevann sprer dei kjemikalia nedstraums. Kjemikalia er ikkje giftige, men gjer at fiskane ikkje får oksygen, slik at dei flyt til overflaten og lett kan sankast. Ein annan fiskemetode, som generelt berre blir utført av kvinner, er med demningar, der ein fjerner vatn frå eit oppdemma område og sankar fisk som blir att på bakken. Barn og ungdomar følgjer ofte kvinnene når dei går ut for å fiska i bekkar. I tillegg til å læra om fiske, hjelper dei òg kvinnene med å passa småbarma medan dei fiskar.[7] Kvinner dyrkar plantar som kassava, søt- og kokebanan,[7] og driv med bihald. Gruppene held seg i eitt område så lenge det er vilt der. Så forlet dei leiren og slår seg ned i ein annan del av skogen. Gruppa er eit fellesskap som tek avgjerder etter samstemmig.

I tørketida er det vanleg for bakafolk å flytta og slå seg ned inne i skogen for å gjera det lettare å fiska og sanka andre næringsmiddel.[7] Bakafolk er mest aktive i desse tørkesesongane. Menn jaktar frå morgon til mørkret fell, og kvinnene sankar to typar frukt: mabe og peke, som dei bruker til drikke og som nøtter. Bakafolket følgjer også bieaktivitet for å få honning eller poki.[8]

Avskoging

I dei siste åra har avskoginga i tropiske skogar auka markant. Ein har til dømes hogd skog for å skaffa palmeolje i skogen.[9] Survival International har starta eit initiativ for å hjelpa bakafolk å overleve den ekstreme avskoginga av heimstadane sine.[10]

Merknadar

Kjelder