Awbeg

Awbeg er ei lita elv sør i Republikken Irland. Ho er ei sideelv til elva Blackwater og dei renn i saman i County Cork. Namnet hennar kjem frå det irske Abha Bheag («Lita elv»).[2]

Awbeg
An Abhainn Bheag
elv
Land Irland
Lengd51 km
Vassføring
 •  middel1,3[1] /s
KjeldeBallyhourafjella i County Limerick
MunningDet keltiske havet ved Youghal via Blackwater River
Kart
Awbeg
52°13′31″N 8°37′24″W / 52.225211224203°N 8.6233767957926°W / 52.225211224203; -8.6233767957926
Wikimedia Commons: Awbeg River

Abweg har to greiner. Den første har utspring i County Limerick som elva Gralgne og renn inn i County Cork og så vestover under ei jernbanebru og sørover under Farranbrua. Den andre greina har utspring 3 km nord for Liscarroll og renn sørover, så nordover og til slutt vestover under Annaghbrua før dei to greinene renn i saman ved Scartbrua. Frå her renn elva sørover gjennom Buttevant og austover gjennom Doneraile, før ho snur sørover nær Shanballymore og gjennom Castletownroche. Ho munnar ut i Blackwater ved Poulcormac nær Bridgetown Abbey.

Økologi

Nord for Buttevant renn elva gjennom eit flatt jordbruksområde, medan ho sør for Buttevant hovudsakleg renn gjennom ei smal og bratt dal med skogkledde sider. Elva gjev liv til fleire planteartar som knollmjødurt, tjønnaks, dunkjelve, brønnkarse og ranunkel. Rundt elva vekst det hovudsakleg myrvegetasjon, dominert av kanarigras.

Av dyreliv i Awbeg finn ein oter og laks. I tillegg finn ein bestand av den utryddingstrua kvitklohummaren (Austropotamobius pallipes).

Kjelder

Fotnotar