Avisa Nordland

Avisa Nordland er ei dagsavis utgjeven i Bodø i Nordland fylke. Første utgave av Avisa Nordland kom ut 18. februar 2002 etter ei av dei raskaste avisetableringane i Norden. Avisa er ei samansmelting av dei tidlegare bodøavisene Nordlands Framtid (etabl. 1910) og Nordlandposten (etabl. 1862). Før han tok slutt, blei aviskonkurransen i Bodø sett på som den hardaste i landet.

Hovudkontoret til Avisa Nordland flytta seinare inn i det gamle Nordlandsbankbygget i Bodø. Avisa har avdelingskontor på Fauske, Oppeid og på Ørnes, og i tillegg ein redaksjonell medarbeidar i Lofoten.

Frå og med 22. mars 2004 er Tone Jensen tilsett som ansvarleg redaktør og erstatta Thor Woje som var Nordlands Framtid sin siste redaksjonelle leiar.

Opplagstal

Utvikling i nettoopplag.[1]

ÅrNettoopplag

200326 360
200425 524
200524 692
200624 207
200723 959
200823 716
200922 662
201022 014
201418 590

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.