Asorstormsvale

fugleart

Asorstormsvale (Hydrobates monteiroi) er ein fugl i stormsvalefamilien. Inntil relativt kort tid tilbake var populasjonen av denne arten trudd å vere passatstormsvaler.[1] Arten er tilsynelatande endemisk for Asorane.

Asorstormsvale
Asorstormsvale
Asorstormsvale
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Orden:Stormfuglar Procellariiformes
Familie:Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt:Hydrobates
Art:Asorstormsvale H. monteiroi
Vitskapleg namn
Hydrobates monteiroi
Bolton, Smith, Gómez-Díaz, Friesen, Medeiros, Bried, Roscales & Furness, 2008

Skildring

Asorstormsvala[2] er ca. 19 centimeter i kroppslengd med vekt rundt 45 gram. Stilt saman med andre små stormsvaler har asorstormsvala relativt lang hale som er kløfta. Forveklingsarten passatstormsvale har rett avkutta hale. Men som slektningane har asorstormsvala eit kvitt band tvers over overgumpen på ei elles mørk brun fjørdrakt. Det kvite området er synleg frå sidene i flukt.[3]

Ein trur denne arten beitar i lokale farvatn heile året, moglegvis i nærleiken av hekkeplassane. Dette er i motsetnad til passatstormsvaler, som spreier seg over til Vest-Atlanteren. Dietten til asorstormsvalene er ukjend, men analysar av stabile isotopar i fjørene tyder på at føda skil seg litt frå den hos passatstormsvalene,[1] og består truleg av små artar av fisk og blekksprutar.[3] Asorstormsvaler beitar på havoverflata, men dei kan òg gjere grunne dukk, ca. 85 cm i gjennomsnitt.[4]

Asorstormsvaler er kjente for å hekke på berre to små øyar i øygruppa Asorane. Som alle stormfuglar legg dei eitt egg i kullet, og det blir ruga av begge foreldra. Hekkesesongen tar til frå slutten av april til byrjinga av juli. Dette er i kontrast til hekkesesongen til passatstormsvaler, som på desse øyane ligg mellom oktober og desember. Dei første ungane blir klekte i juni og dei siste blir flygedyktige innan oktober.[1] Ungfuglane vil vende tilbake til kolonien frå 2 år og oppover.[5]

Arten har ein låg reproduksjonsrate på grunn av konkurranse med andre stormfuglar som grev rugeholer. I nokre år kan hornugler gjere predasjon på hekkeplassane. Arten er vurdert som sårbar av IUCN grunn av den litle populasjonen, anslått til berre 250-300 par i 1999, og på grunn av det avgrensa hekkeområdet på to små øyar i Asorane og låg reproduksjon.[3]

Oppdaginga

Eksistensen av ein til då ukjent art vart først antydd ved oppdaginga av to distinkte hekkesesongar av stormsvaler på Asorane.[6] Begge populasjonene vart opphavleg trudd å vere av passatstormsvaler, men ein populasjonen hekkar i den kjølige sesongen, og den andre i den varme årstida. Ein nærare studie av desse to hekkebestandane klargjorde skilnader i morfologi og myting. Undersøking av mtDNA synte at dei to populasjonane faktisk var genetisk isolerte, og populasjonen som hekkar i den varme sesongen vart heva til full artsrang med det vitskaplege namnet Oceanodroma monteiroi, norsk namn asorstormsvale.[1] Arten er oppkalla etter biologen Luis Monteiro, som var den første til å leggje merke til dei morfologiske og akustiske skilnader mellom dei to sesongmessig åtskilte stormsvalepopulasjonane på Asorane.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Asorstormsvale