Aske

Denne artikkelen handlar om Burzum-EP-en. For restar etter eld, sjå oske.
Aske
EP av Burzum
Språkfleire språk
Utgjeve10. mars 1993
InnspeltGrieghallen
April/september 1992
SjangerSvartmetall, Dark ambient
Lengd20:02
SelskapMisanthropy
ProdusentPytten, Varg Vikernes/Count Grishnack
Burzum-kronologi 
Burzum
(1992)
AskeDet som engang var
(1993)


Aske er ein EP av Burzum, eit soloprosjekt av Varg Vikernes. Aske er den andre utgjevinga i prosjektet. EP-en vart spelt inn april 1992 («Dominus Sathanas» i september same året), men utgjevinga fann ikkje stad før mars 1993.

Plateomslaget viser dei svarte ruinane etter kyrkjebrannen på Fantoft stavkyrkje. Kyrkjebrannen, som skjedde sumaren 1992, vart støtta av Varg Vikernes. I dei 1000 fyrste kopiane av Aske låg det ein lighter som vart meint som ei symbolsk støtte til brannen.

Alle songane er komponerte og framførte av Vikernes sjølv, med støtte av Samoth, frå svartmetallbandet Emperor, på bass.

Medverkande

Burzum

Produksjon

  • Pytten – produsent

Innhald

Nr.TittelLengd
1.«Stemmen fra Tårnet»6:09
2.«Dominus Sathanas» (Herren Satan)3:02
3.«A Lost Forgotten Sad Spirit» (Ein sakna, gløymd, trist ande)10:51

Kjelder