Ein kjenner til 19 attverande asjokasøyler, men fleire har eksistert. Berre seks av dei attverande søylene har dyrefigurarar øvst, ettersom avbildingar av dyr kunne vera mål for seinare muslimsk ikonoklasme. Mange av søylene finst berre som fragment.[2] Søylene var typisk 12-15 meter høge, og kunne vega opptil 50 tonn. Dei kunne fraktast hundrevis av kilometer til staden dei blei sett opp på.[3]
To kinesiske pilgrimar i mellomalderen fortalde om søyler som sidan har forsvunne. Faxian nemner seks og Xuanzang femten. På det meste kan fem av dei kanskje identifiserast med attverande søyler.[4]
Attverande søyler med funnstad, eventuelle dyrefigurar og innskrifter, er:[5][6]
Delhi-Meerut i Delhi (søyleedikt I, II, III, IV, V, VI; flytta frå Meerut til Delhi av Firuz Shah Tughluq i 1356
Delhi-Topra i Feroz Shah Kotla i Delhi (søyleedikt I, II, III, IV, V, VI, VII; flytta til frå Topra Kalan i Yamunanagar distrikt i Haryana til Delhi av Firuz Shah Tughluq i 1356
Lauriya-Araraj i Champaran i Bihar (søyleedikt I, II, III, IV, V, VI)
Allahabad i Uttar Pradesh (opphavleg plassert i Kausambi og truleg flytta til Allahabad av Jahangir; søyleedikt I-VI, dronning-ediktet, skisma-ediktet)