Asirfjella

Asirfjella (arabisk عسير, ʿsyr) er eit fjellområde sørvest i Saudi-Arabia som går parallelt til Raudehavet. Det består av områda i Asir innanfor Saudi-Arabia, men omfattar generelt òg område nær grensa til Jemen. Fjella dekkjer eit område på kring 100 000 km² og består av fjell, sletter og dalar i dei arabaiske høglanda.[1]

Asirfjella
fjellkjede
I nærleiken av Jabal Sawda
Land Saudi-Arabia
Koordinatar21°36′N 39°48′E / 21.6°N 39.8°E / 21.6; 39.8
Areal100 000 km²
Kart
Asirfjella
18°16′00″N 42°25′00″E / 18.266666666667°N 42.416666666667°E / 18.266666666667; 42.416666666667
Wikimedia Commons: Asir Mountains

Geologi

Fjella består hovudsakleg av sedimentære bergartar som kalkstein, sandstein og skifer frå jura, krit og paleogen over ein sokkel av prekambrisk granitt.[1]

Klima og jordbruk

Regionen har den høgaste årsmiddelnedbøren i Saudi-Arabia[treng kjelde]. I snitt varierer nedbøren frå kring 600 mm til over 1000 mm i året i våte område.[1] Dei austlege slettene og platåa får mykje mindre nedbør, frå 500 mm til mindre enn 100 mm i året.[1]

Jordbruk

Avlingar i regionen, som hovudsakleg vert dyrka i bratte, terrasserte fjellsider, og omfattar kveite, kaffi, bomull, indigo, ingefær, grønsaker og palmar. Regionen har òg kveg, sauer, geiter og kamelar.

Kjelder