Arnulf

mannsnamn

Arnulf er eit mannsnamn av norrønt eller gammalhøgtysk opphav. Ørnulf er eit nærskyld opphavleg norrønt mannsnamn. Begge namna har namnedag den 18. juli i Noreg.

Heilage Arnulf av Metz.

Dei norrøne namna Arnulfr eller Ǫrnolfr er sett saman av ǫrn, 'ørn', og ulfr, 'ulv'. Arne og Ulf er avleidde former.

På islandsk er namna kjende som Arnúlfur og Örnólfur. Arnulf har spreidd seg i Europa, som Arnolfo på italiensk, Arnulphe på fransk. Tysk Arnold og fransk Arnauld og Arnaud kan vera påverka av namnet.

I 2009 var det 739 norske menn som heitte Arnulf. På 1900-talet var namnet mest gjeve frå 1920- til 1940-talet, med ein topp rundt 1930. Det var 431 norske menn som heitte Ørnulf i 2009.

Namneberarar

ArnulfØrnulf
  • Heilage Arnulf av Metz (d. 641), karolingisk stamfar, biskop og helgen
  • Arnulf av Det tysk-romerske riket (850-899)
  • Arnulf av Löwen (ca. 1200-1250), tysk abbed og forfattar
  • Arnolfo di Cambio (ca. 1240–1300/1310), italiensk arkitekt og bilethoggar
  • Arnulf Øverland (1889–1968), norsk forfattar, døypt Ole Petter Arnulf Øverland
  • Arnulv Sudmann (1912 - 1981), målmann
  • Arnulf Rainer (f. 1929), austerriksk kunstnar
  • Ørnulf Bjarne Bast (1907-1974) norsk bilethoggar
  • Ørnulf Gulbransen (1916-2004), norsk fløytist
  • Ørnulf Ranheimsæter (1919-2007), norsk biletkunstnar
  • Ørnulf Tofte (f. 1922), norsk polititenestemann
  • Ørnulf Boye Hansen (f. 1933), norsk fiolinist
  • Ørnulf Hodne (f. 1935), norsk folkeminneforskar døypt Ørnulf Andreas Hodne
  • Ørnulf Opdahl (f. 1944), norsk biletkunstnar

Oppdikta

Ørnulf Ørn (eng. Emil Eagle) er ein av skurkane i Disney-samfunnet Andeby.

Kjelder