Arjeplogs kommun

kommune i Norrbotten len i Sverige

Arjeplog kommune ligg på svenske länet Norrbottens län i landskapet Lappland. Kommunen har grenser mot dei svenske nabokommunane Jokkmokk, Arvidsjaur og Sorsele og grensar òg mot Saltdal kommune i Noreg. Administrasjonssenter i kommunen er Arjeplog. Arjeplog er den fjerde største kommunen i Sverige i utstrekning med eit areal på 14 494,09 km².

Arjeplogs kommun
kommune
Kommunevåpen
Land Sverige
LenNorrbottens län
LandskapLappland
Del avLappland i Sverige, Q18331966, Q61669431
Areal14 494,09 km²
 •  land12 556,77 km²
 •  vatn1 937,32 km²
Folketal 3 116[1]  (2011)
Kart
Arjeplogs kommun
66°02′00″N 17°57′00″E / 66.033333333333°N 17.95°E / 66.033333333333; 17.95
Wikimedia Commons: Arjeplog Municipality

Geografi

Det finst over 8700 innsjøar og vassdrag i kommunen. Dei største vassdraga er Pite älv, Skellefte älv og Laisälven (sideelv til Vindelälven). Den djupaste innsjøen i Sverige, Hornavan, ligg i kommunen. Ein annan innsjø i kommunen er Tjålmejaure, kjend for sitt rike fugleliv. Nasjonalparken Pieljekaise, 13 naturreservat og eit område for faunavern ligg i kommunen.

Riksväg 95 mellom Skellefteå og grensa til Noreg går gjennom kommunen.

Folketal

Arjeplog er den femte minste kommunen i Sverige målt i folketal med 3116 innbyggjarar og er den svenske kommunen med lågast folketettleik, berre 0,2 innbyggjarar/km².

Folketalsutvikling i Arjeplogs kommun 1970–2010
ÅrInvånare
1970
  
4 379
1975
  
4 192
1980
  
4 041
1985
  
3 927
1990
  
3 753
1995
  
3 697
2000
  
3 384
2005
  
3 159
2010
  
3 161
Källa: SCB - Folkmängd efter region och tid.

Samisk språk

Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og kommunen inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Tettstader

Arjeplog kommune hadde berre ein tettstad i 2005.Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

#TettstadInnbyggjarar
1.Arjeplog1 947

Bilete

Kjelder

Bakgrunnsstoff