Antimykotika

Antimykotika er ein type lækjemiddel, i form av fungicid eller fungistatika, som blir brukt i behandling av mykosar, slik som fotsopp, ringorm, candidiasis (trauske), kryptokokkose og andre soppinfeksjonar.[1] Slike lækjemiddel er vanlegvis reseptbelagt, men somme er tilgjengelege i handkjøp. Både menneske og soppar er eukaryotar, og har nokså like celler. Dette gjer det vanskeleg å velja lækjemiddel som i liten grad har innverknad på verten. På grunn av dette fører antimykotika ofte til attåtverknadar. Somme av desse kan vere livstrugande ved feilbruk.

Klotrimazol. Marknadsført i Noreg under namnet «Mylan».

Typar

Denne lista er ikkje fullstendig, og inneheld fleire lækjemiddel som ikkje er i bruk i Noreg.

Antimykotiske azolderivat

Antimykotika med azol, med unntak av abafungin, hemjar enzymet lanosterol 14-demetylase, eit enzym som konverterer lanosterol til ergosterol. Mangel på ergosterol øydelegg cellemembranen i soppen og hemjar vekst.

Imidazol

  • Bifonazol
  • Butokonazol
  • Klotrimazol
  • Ekonazol
  • Fentikonazol
  • Isokonazol
  • Ketokonazol
  • Lulikonazol
  • Mikonazol
  • Omokonazol
  • Oksikonazol
  • Sertakonazol
  • Sulkonazol
  • Tiokonazol

Triazol

  • Albakonazol
  • Efinakonazol
  • Epoksikonasol
  • Flukonazol
  • Isavukonazol
  • Itrakonazol
  • Posakonazol
  • Propikonazol
  • Ravukonazol
  • Terkonazol
  • Vorikonazol

Tiazol

  • Abafungin

Allylamin

Allylamin hemjar enzymet skvalenepoksidase, som krevst for syntese av ergosterol.

  • Amorolfin
  • Butenafin
  • Naftifin
  • Terbinafin

Echinokandin

Echinokandin kan brukast ved systemiske soppinfeksjonar hos immunkompromitterte pasientar. Dei hemjar syntesen av glukan i celleveggen ved å verka inn på 1,3-β-D-glukansyntase.

  • Anidulafungin
  • Kaspofungin
  • Mikafungin

Andre

  • Benzosyre har antimykotiske eigenskapar, men må brukast i kombinasjon med eit keratolytisk middel.
  • Ciklopiroks, ciklopiroksolamin, er eit hydroksypyridin som verkar inn på soppen sin aktive membrantransport, membranintegritet og andingsprosess. Det eignar seg best mot pityriasis versicolor.
  • Flucytosin, 5-fluorocytosin, ein antimetabol pyrimidinanalog.
  • Griseofulvin binder seg til polymeriserte mikrotubuli og hemjar mitose.
  • Haloprogin, avvikla til fordel for nyare antimykotika med færre attåtverknadar.
  • Tolnaftat, eit tiokarbamat som hemjar skvalenepoksidase, i likskap med allylamin slik som terbinafin.
  • Undecylensyre, eit umeitta feittsyrederivat frå naturleg castorolje med fungistatiske, antibakterielle og antivirale eigenskapar. Hemjar Candida morphogenesis.
  • Krystallfiolett, eit triarylmetanfargestoff med antibakterielle, antimykotiske og anthelmintiske eigenskapar. Lansert som eit topikalt antiseptikum.
  • Perubalsam har antimykotiske eigenskapar.

Kjelder