Anous

fugleslekt

Anous er ei biologisk slekt av terner (noddyar) og medlem av måsefamilien, Laridae. Gruppa er representert ved kystar over alle tropiske hav, spesielt ved øyar.

Anous
Brunnoddy på Lady Elliot Island, Australia Foto: Glen Fergus
Brunnoddy på Lady Elliot Island, Australia
Foto: Glen Fergus
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Orden:Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden:Lari
Familie:Måsefamilien Laridae
Underfamilie:Anoinae
Slekt:Anous
Stephens, 1826

Dette er fuglar med mørk brunleg fjørdrakt, bleik hette, langt, slankt nebb; kileforma hale med flisete tupp. Kroppstorleiken varierer mellom 30 og 45 centimeter. I kroppsform minnar dei om andre terner. To artar har til forskjell frå terner heilt mørk fjørdrakt.

Dei har eit langt meir pelagisk levevis enn terner og hekkar typisk på tropiske eller subtropiske øyar til havs. Kullet er på eit egg og rugetida er relativt lang. Dietten er fisk og blekksput.

Artslista

Anous i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Brunnoddy, Anous stolidus, Brown Noddy, Linné, 1758, (LC)
  • Svartnoddy, Anous minutus, Black Noddy, Boie, 1844, (LC)
  • Smånoddy, Anous tenuirostris, Lesser Noddy, Temminck, 1823, (LC)
  • Grånoddy, Anous albivitta, Gray Noddy, Bonaparte, 1856, (LC)
  • Blånoddy, Anous ceruleus, Blue-gray Noddy, Bennett, 1840, (LC)

Kjelder

  • Burger, J., Gochfeld, M. & Bonan, A. (2016). Gulls, Terns, Skimmers (Laridae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (Henta 11. oktober 2016).
Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Anous