Ane Breivik

norsk politikar

Ane Breivik (fødd 3. juli 1998) er ein norsk politikar for Venstre frå Bærum i Viken. Frå november 2021 er ho leiar i Unge Venstre.[1][2] Breivik har tidlegare vore nestleiar av Unge Venstre[3] og sentralstyremedlem i ungdomspartiet. Frå februar 2021 var ho Hordaland Venstres 2. kandidat til Stortingsvalet 2021.[4] Breivik er 1. vara for Sveinung Rotevatn til Stortinget for perioden 2021–2025.[5]

Ane Breivik

Fødd3. juli 1998 (25 år)
Bærum kommune
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jusstudent
Utdanna vedNadderud videregående skole
UWC Maastricht
Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen
VervLeiar i Unge Venstre
7. november 2021–
FøregangarSondre Hansmark
Verv1. nestleiar i Unge Venstre
1. november 2019–7. november 2021
FøregangarKjersti Konstanse Løfors
EtterfylgjarTimo Nikolaisen
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2021–)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2021–2021) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

Breivik har tidlegare sete som sentralstyremedlem i ungdomspartiet,[6] og i januar 2020 blei ho den yngste lokallagsleiaren i eit av Venstres største lokallag, Bergen Venstre, nokonsinne.[7] Ho studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og har tidlegare gått på United World Colleges i Maastricht.

Breivik held ein appell utanfor Stortinget på rusreformdagen 2022.
Foto: Johannes Østby

Kjelder


Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ane Breivik