Andrea Corr

Andrea Jane Corr (fødd 17. mai 1974) er ein irsk musikar, låtskrivar og skodespelar. Corr debuterte i 1990 som frontkvinne i det keltiske folkrock- og poprockgruppa The Corrs i lag med dei tre eldre syskena Caroline, Sharon og Jim. Utanom å vere songar, spelar Corr blikkfløyte, ukulele og piano.[1]

Andrea Corr

Andrea Corr på Glastonbury i 1999.
Fødd17. mai 1974 (50 år)
FødestadDundalk
FødenamnAndrea Jane Corr
OpphavDundalk i County Louth i Irland
AktivSidan 1990
Sjangerpop, rock, keltisk musikk
InstrumentVokal, blikkfløyte, piano, ukulele
Tilknytte artistarThe Corrs
PlateselskapAtlantic, AC Records
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, skodespelar
PrisarHonorary Member of the Order of the British Empire

Med dei andre har Corr gjeve ut seks studioalbum, men har òg gjeve ut soloalbum. Det første var Ten Feet High i 2007.[2][3] Albumet flytta seg bort frå stilen til The Coors mot dance-pop.[4] Det neste albumet hennar kom ut i 2011 og bestod berre av coverlåtar som var viktige for Corr då ho var yngre.

Andrea Corr har også involvert seg i veldedige aktivitetar. Saman med syskena blei ho gjeven ein æres-M.B.E. i 2005 av dronning Elizabeth II for bidraga sine til musikk og veldedig arbeid.[5]

Bakgrunn

Andrea Corr er den yngste av dei fire barna til Jean og Gerry Corr, sistnemnde ein leiar ved Electricity Supply Board (E.S.B.) i Irland. Mora var heimeverande.[6] Familien budde i Dundalk i Irland.[7] Jean og Gerry hadde si eiga musikkgruppe, Sound Affair, som spelte songar av ABBA og The Eagles i lokale pubar i Dundalk, og ofte tok med seg borna på konsert.[8][9]

Oppmuntra av foreldra byrja Andrea å spela tinfløyte[10] og lærte piano av faren.[1] Gjennom tenåra øva ho og syskena ofte i soverommet til Jim i eit hus han hadde leid. Andrea song hovudvokal, Sharon spelte fiolin og både Caroline og Jim spelte keyboard.[11] I 1990 skipa syskena ei gruppe dei kalla The Corrs.[12]

Karriere

Andrea Corr dreiv også med amatørskodespel på skulen sin, Dun Lughaidh Convent.[13] I 1991 fekk ho ei rolle i filmen The Commitments av Alan Parker, der ho spelte Sharon Rabbitte.[14]

Det var i samband med auditionen for The Commitments at The Corrs blei oppdaga av John Hughes, som blei manageren deira.[15] The Corrs skreiv kontrakt med Atlantic Records i 1995 og drog til Nord-Amerika for å spela inn debutalbumet sitt Forgiven, Not Forgotten. Det keltisk-inspirerte albumet inneheldt sjølvskrivne songar som «Runaway» og «Closer», i tillegg til seks instrumentale spor med irsk tradisjonsmusikk. Adrea Corr song hovudvokal og spelte blikkfløyte. Albumet hadde suksess i fleire land, særleg Irland, Australia, Japan og Spania. Det selde til platina i Storbritannia og Australia, og firedobbel platina i Irland, noko som gjorde det til den mest populære debutet av ei irsk gruppe.[16][17][18][19]

I 1996 tilbaud Alan Parker ei rolle til Corr i filmversjonen av rockeoperaen Evita som han regisserte, med Madonna i hovudrolla. Han gav Corr rolla som elskarinna til Juan Peron, og ho framførte ein del av songen «Hello & Goodbye».[20] Seinare framførte Corr songane til Kayley i den første fullanimerte filmen til Warner Brothers The Quest for Camelot (1998).[21]

Etter suksessen til debutalbumet gav The Corrs ut albuma Talk on Corners i 1997 og In Blue i 2000.[22] Talk on Corners fekk først ein lunken suksess, men etter utgjevinga av ein remiksversjon gjekk det til toppen av salslistene i fleire land, og selde til platina i Storbritannia og Australia.[23][24] In Blue nærma seg popmusikk, med stor vekt på elektronisk synthesiser. Det hadde suksess, og var på førsteplassen i den første veka i sal i Storbritannia, Irland, Australia, Tyskland, Sveits og Austerrike, og debuterte på andreplassen i Frankrike og Noreg. Det klatra til førsteplassen i den andre veka i sal i Sverige og Spania.[25]

Under produksjonen av In Blue døydde mora til Corr-syskena, Jean, medan ho venta på ein lungetransplantasjon ved Freeman Hospital i Newcastle i England.[26] Ho blei gravlagd ved St. Patrick's gravstad i Dundalk. Bono, Larry Mullen, Brian Kennedy og Paul Brady kom i gravferda.[27] «No More Cry», som Andrea og Caroline Corr skreiv for albumet, var dedisert til far deira i håp om å hjelpa han med sorga.[28]

Corr tok opp att skodespelarkarieren sin i 2003 med rolla som Anne i The Boys from County Clare. Filmen hadde ikkje kommersiell suksess, men Corr vann Film Discovery Jury Award for beste kvinnelege skodespelar ved US Comedy Arts Festival, og blei nominert til beste kvinnelege skodespelar ved IFTA Awards.

The Corrs i 2004.

I 2003 spelte Andrea Corr inn «Time Enough For Tears», ein song skriven av Bono og Gavin Friday til filmen In America.[29] Sporet blei teke med på The Corrs-albumet Borrowed Heaven frå 2004.[30] Borrowed Heaven var dedisert til den avdøde mora deira, Jean, og faren Gerry.[31] Gruppa dediserte også albumet Home frå 2005 til mor si.[32] På dette albumet spelte gruppa ei rekkje irske folkesonga henta frå mora si songbok for å markera dei 15 åra dei hadde vore eit band.[33][34][35]

Medan syskena tok ein pause i musikkarrieren for å stifta familiar, spelte Andrea Corr i filmane The Bridge (2005) og Broken Thread (2006). Ho hadde rolla som Christina i skodespelet Dancing at Lughnasa som var sett opp ved Old Vic i London frå februar til mai 2009.[36] Ho spelte tittelrolla i Jane Eyre av Alan Stanford ved Gate Theatre i Dublin som hadde premiere den 9. november 2010.[37]

Corr byrja også ein musikalsk solokarriere. Ho gav ut sitt første soloalbum, Ten Feet High, 25. juni 2007. Det var produser av Nellee Hooper, som også hadde arbeidd med Gwen Stefani og Madonna, medan Bono var ein produsent.[38] Den førrste singelen hennar, «Shame on You», var ein popsong om menn og kvinner som dreg i krigen og forlèt partnerar dei kanskje aldri vil sjå att.[39] Ho skreiv og framførte songen «Oh Brother» til albumet Music of Ireland – Welcome Home (2010), som tok for seg irsk musikk frå 1960-talet til samtida.[40]

Andrea Corr speler blikkfløyte i Wien i 2016.

Det sjette studioalbumet til The Corrs, White Light,[41] blei gjeve ut 27. november 2015, og følgd opp med ein verdsturné.

Veldedig arbeid

Andrea Corr har involvert seg i fleire veldedige aktivitetar. Ho har spelt på veldedige konsertar for å samla inn pengar for Pavarotti & Friends sitt initiativ for barn i Liberia, for Freeman Hospital i Newcastle upon Tyne i England, for offer av bombeåtaket i Omagh i Nord-Irland og for The Prince's Trust in 2004.[42][43][44][45] Ho er ambassadør for Nelson Mandela sin 46664-kampanje for å auka merksemd om AIDS i Afrika.[46] Under Live 8-konserten i Edinburgh den 2. juli 2005 framførte The Corrs «When the Stars Go Blue» saman med Bono for å støtta Make Poverty History-kampanjen.[47] Andrea Corr og syskena hennar blei gjevne ein æres-M.B.E. i 2005 av dronning Elizabeth II for bidraga sine til musikk og veldedig arbeid.[48]

Corr var med på å spela inn ein singel til ære for Ronnie Drew, eit medlem av The Dubliners, med tittelen «The Ballad of Ronnie Drew».[49] Songen var skriven for Ronnie sjølv til å synga, men blei tileigna han i staden ettersom helsa hans blei dårlegare. Ei rekkje kjende irske musikarar deltok på innspelinga,som medlemmer av U2, Sinéad O'Connor, Christy Moore, Moya Brennan, Shane MacGowan, Bob Geldof og Robert Hunter frå Grateful Dead, som skreiv songen. Inntekter frå salet gjekk til The Irish Cancer Society etter ønske frå Drew sjølv. Songen blei framført live på The Late Late Show[50] den 22. februar med Ronnie Drew blant tilskodarane, og gjekk inn på den irske singellista på andreplassen.

10. oktober 2010 var Corr med på å opptre på ein konsert til ære for avdøde Kirsty MacColl ved Shepherd's Bush Empire for å markera fødselsdagen til MacColl og samla inn pengar for veldedige føremål.

30. november 2012 gav Corr si støtte til Kate Winslet sin Golden Hat Foundation saman med Tim Janis, Sarah McLachlan, Loreena McKennitt og Hayley Westenra då dei tok del i konserten The American Christmas Carol i Carnegie Hall.[51][52]

Privatliv

Corr er praktiserande katolikk, og har sagt at ho ber før førestillingar.[53][54]

Ho gifta seg med aksjemeklaren Brett Desmond, i 2009. Sharon Corr og Caroline Corr song «No Frontiers» i bryllaupet. Damien Dempsey, Sharon Shannon og Seamus Begley opptredde også i kyrkja, i tillegg til Andrea Corr sjølv.[55] Corr fekk ei dotter, Jean, den 28. april 2012,[56] og sonen Brett Jr. den 4. januar 2014.

Diskografi

Studioalbum

ÅrAlbumdetaljarPlassering
IREIRE IndieAUSFRAGERNDLSPASWIUK
2007Ten Feet High2498128868494238
2011Lifelines[57]
  • Utgjeve 29. mai 2011
  • Selskap: AC Records
40948

Singlar

ÅrSongPlasseringAlbum
IRESPAUK
2006«All I Have to Do is Dream» (med Laurent Voulzy)La Septième Vague
2007«Shame on You»4320108Ten Feet High
«Champagne from a Straw»
2011«Tinseltown in the Rain»[58]Lifelines
«Pale Blue Eyes» / «Blue Bayou»

Filmar

ÅrTittelRolle
1991The CommitmentsSharon Rabbitte
1996EvitaElskarinna til Juan Peron
1998Quest for CamelotKayley (syngestemme)
2003The Boys from County ClareAnne
2005The BridgeMary
2006Broken ThreadLily
2009PicturesDonna

Sceneroller

ÅrTittelRolle
2010Jane Eyre The Gate TheatreJane Eyre
2009Dancing at Lughnasa The Old Vic theatreChristina «Chris» Mundy

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Andrea Corr