Amphoe

Amphoe (thai อำเภอ, uttalt ʔām.pʰɤ̄ː) er namnet på ein type administrative område i Thailand. Amphoe er det andre administrative nivået i det thailandske forvaltningshierarkiet, underlagt provinsane, såkalla changwat. Ordet amphoe vert vanlegvis omsett med distrikt. Amphoe vert igjen delt inn i underdistrikt kalla tambon.

Amphoe-kontoret Mae Sai i Chiang Rai-provinsen

Det finst 878 amphoe-distrikt.[1] Dette talet inkluderer ikkje dei 50 khet-distrikta i hovudstaden Bangkok.

Kjelder