Aller

Aller er ei elv i Sachsen-Anhalt og Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Weser frå høgre med ei lengd på 260 km. Ho har sitt utspring nær Magdeburg i Sachsen-Anhalt. Frå her renn ho nordvestover og inn i Niedersachsen, der det meste av elva ligg. Viktige byar langs Aller er mellom anna Wolfsburg, Gifhorn, Celle og Verden. Eit par kilometer vest for Verden munnar Aller ut i Weser.

Aller
elv
Aller ved Wolfsburg-Vorsfelde
Land Tyskland
Nedslagsfelt15 744 km²
Lengd260 km
KjeldeNær Magdeburg
 •  høgd130 moh.
MunningWeser
Kart
Aller
52°56′45″N 9°11′08″E / 52.945825°N 9.18561389°E / 52.945825; 9.18561389
Wikimedia Commons: Aller (Germany)

Av sideelvar til Aller finn ein Oker og Leine.

Kjelder

Bakgrunnsstoff