Alchemy: Dire Straits Live

Alchemy: Dire Straits Live
Konsertalbum av Dire Straits
Språkengelsk
Utgjeve14. mars 1984
InnspeltHammersmith Odeon i London, 22–23. juli 1983
SjangerRoots rock, bluesrock, progressiv rock
Lengd93:59
SelskapVertigo, Warner Bros. (USA)
ProdusentMark Knopfler
Dire Straits-kronologi 
ExtendedancEPlay
(1983)
Alchemy: Dire Straits LiveBrothers in Arms
(1985)


Alchemy: Dire Straits Live er eit dobbelt konsertalbum og det første konsertalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 14. mars 1984 på Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Albumet vart innspelt i Hammersmith Odeon i London den 22–23. juli 1983, og inneheld nokre av dei mest kjende songane frå dei fire første albuma deira, EPen ExtendedancEPlay og filmmusikkalbumet Local Hero (komponert av Mark Knopfler). Mange av songane var omarrangert eller forlenga med improvisasjonar. Plateomslaget er henta frå eit måleri av Brett Whiteley. Alchemy: Dire Straits Live vart nymastra og gjeve ut på ny den 8. mai 2001.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Innspeling

Alchemy: Dire Straits Live vart spelt inn ved Hammersmith Odeon i London 22–23. juli 1983, dei to siste konsertane på den åtte månader lange Love Over Gold-turneen deira. Opptaka vart gjort av Mick McKenna ved hjelp av Rolling Stones Mobile. Nigel Walker var lydteknikar. Innspelinga vart miksa av AIR Studios i London i november 1983.[2]

«Tunnel of Love» starta med ein nesten fire minuttar langs jam med element frå songen, etterfølgd av den korte «Carousel Waltz» og resten av songen.

Platemeldingar

William Ruhlmann skreiv på AllMusic om albumet at «musikken er langsam og stemningsskapande med den mumlande vokalen til Mark Knopfler, akkompagnert av fingerplukkinga hans på det som høyres ut som ein forsterka spansk gitar, og ropa frå publikum. Publikum jublar vilt og klappar og syng med, som om kvar song var ein livleg rockelåt».[3]

Innhald

LP

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Once Upon a Time in the West»13:01
2.«Romeo and Juliet»8:22
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Expresso Love»5:41
2.«Private Investigations»7:40
3.«Sultans of Swing»10:48
Side tre
Nr.TittelLengd
1.«Two Young Lovers»4:51
2.«Tunnel of Love» (utdrag frå «The Carousel Waltz» av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II)14:38
Side fire
Nr.TittelLengd
1.«Telegraph Road»13:19
2.«Solid Rock»5:32
3.«Going Home – Theme from 'Local Hero»4:58

CD

«Love over Gold», som vart gjeven ut som ein eigen singel i 1984, vart lagt til albumet for CD-utgåva, og uttoninga mellom side ein og to, og side tre og fire er fjerna. Fleire spor var lengre på CD-utgåva, og rekkefølgja er noko annleis: «Romeo and Juliet» og «Expresso Love» har byta plass.

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«Once Upon a Time in the West»13:01
2.«Expresso Love»5:45
3.«Romeo and Juliet»8:17
4.«Love Over Gold»3:27
5.«Private Investigations»7:34
6.«Sultans of Swing»10:54
Plate to
Nr.TittelLengd
1.«Two Young Lovers»4:49
2.«Tunnel of Love» (Extract from «The Carousel Waltz» by Richard Rodgers and Oscar Hammerstein II)14:29
3.«Telegraph Road»13:37
4.«Solid Rock»6:01
5.«Going Home – Theme from 'Local Hero'»6:05

Tre andre songar vart spelt inn òg, men finst ikkje på den offisielle utgåva: «Industrial Disease», «Twisting by the Pool» og «Portobello Belle», med ei forkorta utgåve av den siste songen på samleplata Money for Nothing, som kom i 1988.

Medverkande

Dire Straits
Andre musikarar
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Mick McKenna – innspelingsteknikar
  • Nigel Walker – lydteknikar
  • Jeremy Allom – assisterande lydteknikar
  • Brett Whiteley – måleri
  • C More Tone Studios – plateomslag

Videoutgåve

Konsertfilmen vart opphavleg gjeven ut på Beta, VHS og Laserdisc, og digitalt mastra i 1995. Ein DVD og Blu-ray Disc-versjon med nymiksa 5.1 DTS-kringlyd kom ut i mai 2010. Songen «Love over Gold» er ikkje med på videoen, men er på DVDen og Blue-ray-utgåva, men finst på samleplata Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits.

Lister

Album

Liste (1984)Plassering
Austerrike[4]9
Canadian RPM Album Chart[5]26
Nederland[6]1
Tyskland[7]8
New Zealand[8]3
Noreg[9]7
Sverige[10]19
Sveits[11]3
UK Album Chart[12]3
US Billboard 200[13]46

Salstrofé

Album

RegionSalstroféSalstal

Canada (Music Canada)[14]

Gull50 000^

Frankrike (SNEP)[15]

Gull100 000*

Tyskland (BVMI)[16]

Gull250 000^

Storbritannia (BPI)[17]

Platina300 000^

USA (RIAA)[18]

Gull250 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Video

RegionSalstroféSalstal

Australia (ARIA)[19]

Gull17 500^

Portugal (AFP)[20]

Gull4 000x

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff