Akers mekaniske Verksted
Akers mekaniske Verksted, ofte forkorta Akers mek. Verksted eller berre Akers Mek., Akers-mek. og AmV, var ein mekanisk verkstad, seinare verft, oppretta ved Akerselva i Oslo i 1841.[1] Ein av grunnleggjarane var orlogskaptein Peter Severin Steenstrup, son til Poul Steenstrup.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/23/Akers_Mekaniske_Verksted_A-70091_Ua_0005_044.jpg/220px-Akers_Mekaniske_Verksted_A-70091_Ua_0005_044.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/62/Frontenac_%28OB.Y3285%29.jpg/220px-Frontenac_%28OB.Y3285%29.jpg)
I 1854 flytta Akers mek. Verksted til Holmen på vestsida av Pipervika, til det området som no er komplekset Aker Brygge. Verksemda heldt fram med å bygga og vølte skip og utstyr fram til 1982 da det blei nedlagd, og bygde i den seinare tida dessutan oljeboringsplattformer i stål. Den store verkstadbygningen og nokre andre bygningar står der framleis i ombygd skapnad, elles er alt rive og erstatta med nye bygningar, plassar, kaier og staffasje som ikkje har noko med det gamle å gjere. Tørrdokken ligg òg der framleis, med innseglingsporten fjerna og permanent fylt med vatn som ein liten fjord eller kil.
Kjelder
Litteratur
- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7