Aina Borch
Aina Borch (fødd 1970) har vore ordførar i Porsanger kommune i Finnmark sidan 2015.[1] Ho vaks opp i Havøysund,[2] men etter fullført lærarutdanning på Alta lærarskule i 1994, fór ho til Lakselv som lærar ved Lakselv barneskule.
Aina Borch | |||
Fødd | 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
Aina var lærar fram til år 2000, etter dette byrja ho som prosjektleiar for Ung Info og kulturkonsulent i kommunen. I 2004 vart ho dagleg leiar for Porsanger i vekst. Frå 2007 var ho fylkessekretær for Finnmark Arbeidarparti i eitt år. Deretter var ho rådmann i Måsøy kommune frå 2009 til våren 2012. Då kom ho tilbake til Lakselv som helse-og omsorgssjef og fungerande rådmann i Porsanger. Etter dette vikariatet vart ho på nytt fylkessekretær for Arbeidarpartiet eit år før ho fekk eit halvt års engasjement som dagleg leiar i Indre Finnmark Utviklingsselskap.
I 2005 etablerte Aina Borch sitt eige selskap Inspiranor. Dette dreiv ho i ti år til ho vart vald til ordførar i 2015