Against All Odds (Take a Look at Me Now)
Against All Odds (Take a Look at Me Now) Singel av Phil Collins frå albumet Against All Odds | ||
B-side | «The Search» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | februar 1984 (US), 31. mars 1984 (UK) | |
Innspelt | 1983 | |
Sjanger | Softrock, poprock | |
Lengd | 3:23 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Phil Collins | |
Tekstforfattar | Phil Collins | |
Låtskrivar(ar) | Phil Collins | |
Produsent | Arif Mardin | |
Phil Collins-kronologi | ||
«Like China» (1983) | Against All Odds (Take a Look at Me Now) | «Easy Lover» (1984)
|
«Against All Odds (Take a Look at Me Now)» (ofte berre skrive «Against All Odds») er ein song av den britiske songaren Phil Collins spelt inn for filmen med same namn frå 1984. Han er ein powerballade der hovudpersonen tryglar ein ekskjæraste om å «sjå på han no» med vissheit om at forsoning truleg er «mot alle odds». Singelen nådde andreplassen på singellista i Storbritannia, og vart den første singelen hans som gjekk til topps på Billboard Hot 100 i USA. Singelen gjekk òg til topps i Noreg.
Songen har vorte spelt av fleire andre artistar, og somme av dei har òg vore suksessrike. Den mest kjende versjonen utanom Collins sin var ein duett mellom Mariah Carey og boybandet Westlife, som gjekk heilt til topps i Storbritannia i september 2000.[1]
«Against All Odds» fekk ein Grammy Award for beste mannlege popvokal i 1985 og var tnominert til Oscarprisen for beste song. Collins tapte for Stevie Wonder sin «I Just Called to Say I Love You».
Lister
Liste (1984) | Plassering |
---|---|
Canada | 1 |
Nederland | 12 |
Finland (Suomen virallinen)[2] | 5 |
Tyskland | 9 |
Irland | 1 |
New Zealand RIANZ Singles Chart | 3 |
Noreg | 1 |
Polen[3] | 8 |
Sverige | 3 |
Sveits | 4 |
UK Singles Chart | 2 |
USA Billboard Hot 100 | 1 |
USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 3 |
USA Billboard Hot Mainstream Rock Tracks | 1 |
Mariah Carey-versjonen
Against All Odds Singel av Mariah Carey frå albumet Rainbow | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. oktober 2000 | |
Sjanger | Pop, R&B | |
Lengd | 3:25 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Phil Collins | |
Tekstforfattar | Phil Collins | |
Produsent | Mariah Carey, James Harris III, Terry Lewis | |
Mariah Carey-kronologi | ||
---|---|---|
«Crybaby»/«Can't Take That Away (Mariah's Theme)» (2000) | Against All Odds | «Loverboy» (2001)
|
Den amerikanske songaren Mariah Carey spelte inn sin eigen versjon av songen med James Harris III og Terry Lewis for det sjette studioalbumet hennar Rainbow.
Songen vart gjeven ut på singel og nådde Topp 20 i fleire land. Den høgaste plasseringa var ein andreplass i Noreg.
Innhald
- Europeisk CD-singel
- «Against All Odds (Take a Look at Me Now)"
- «Crybaby» (featuring Snoop Dogg)
- Europeisk CD maxi-single
- «Against All Odds (Take a Look at Me Now)"
- «Crybaby» (featuring Snoop Dogg)
- «Thank God I Found You» (Stargate Radio Edit featuring Joe & 98°)
- «Can't Take That Away (Mariah's Theme)» (Morales Club Mix Edit)
- Japansk CD-singel
- «Against All Odds (Take a Look at Me Now)» (featuring Westlife)
- «Against All Odds (Take a Look at Me Now)» (album version)
- «Against All Odds (Take a Look at Me Now)» (Pound Boys Radio Edit)
- «Against All Odds (Take a Look at Me Now)» (instrumental)
Lister
Liste (2000) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[4] | 26 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[5] | 15 |
Canada (RPM)[6] | 22 |
Nederland (Mega Single Top 100)[7] | 20 |
Frankrike (SNEP)[8] | 18 |
Tyskland (Media Control AG)[9] | 29 |
Italia (FIMI)[10] | 17 |
Noreg (VG-lista)[11] | 2 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[12] | 20 |
Mariah Carey og Westlife
Against All Odds Singel av Mariah Carey med Westlife frå albumet Rainbow og Coast to Coast | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. september 2000 | |
Innspelt | Flyte Tyme Studios, Edina, MA & Capri Digital Studios, Capri, Italy & Rokstone Studios i London, England & Parc Studios, Orlando, FL & Olympic Studios i London, England. juli 1999—2000 | |
Sjanger | Pop, R&B | |
Lengd | 3:25 | |
Selskap | BMG, Columbia | |
Komponist | Phil Collins | |
Tekstforfattar | Phil Collins | |
Låtskrivar(ar) | Phil Collins | |
---|---|---|
Produsent | Mariah Carey, Steve Mac | |
Westlife-kronologi | ||
«Fool Again» (2000) | Against All Odds | = «My Love»(2000)
|
Mariah Carey gav sidan ut «Against All Odds» på ny som ein duett med det irske boybandet Westlife. Denne versjonen vart gjeven ut på Coast to Coast og gjeven ut som singel i september 2000, nokre månader etter Carey sin soloversjon. Carey spelte ikkje inn vokalen på ny for duetten.
Denne versjonen vart meir suksessrik enn originalen i Storbritannia og Irland der han gjekk til topps og gav Westlife den sjette singelen deira på rad som nådde toppen av salslista.[13] Det var òg den andre førsteplassen til Carey i Storbritannia. Singelen selde i alt 375 000 eksemplar i Storbritannia.[14] I musikkvideoen kan ein sjå Carey og Westlife som spelar inn songen og utforskar øya Capri frå sjøen.[15]
Innhald
- Storbritannia
- CD1
- «Against All Odds» - 3:21
- «Against All Odds» (Pound Boys Main Mix) – 9:09
- «Against All Odds» (Mariah Carey Solo Version) – 3:21
- «Westlife Interview» – 4:00
- CD2
- «Against All Odds» – 3:21
- «Against All Odds» (Westlife Solo Version) – 3:21
- «Against All Odds» (Pound Boys Dub) – 6:48
- «Against All Odds» (Video) – 3:21
- Kassett
- «Against All Odds» – 3:21
- «Against All Odds» (Pound Boys Radio Edit) – 3:48
- Japan
- «Against All Odds» – 3:21
- «Against All Odds» (Pound Boys Radio Edit) – 3:48
- «Against All Odds» (Mariah Carey Solo Version) – 3:39
- «Against All Odds» (Instrumental) – 3:21
Lister
Liste (2000) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[16] | 52 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[17] | 50 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[18] | 31 |
Danmark (Tracklisten)[19] | 2 |
Nederland (Mega Single Top 100)[20] | 29 |
Ireland (IRMA)[21] | 1 |
Japan (Oricon)[22] | 78 |
Sverige (Sverigetopplistan)[23] | 3 |
UK Singles (Official Charts Company)[24] | 1 |
Steve Brookstein version
Against All Odds Singel av Steve Brookstein frå albumet Heart and Soul | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. desember 2004 | |
Innspelt | 2004 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 3:12 | |
Selskap | Sony BMG | |
Komponist | Phil Collins | |
Tekstforfattar | Phil Collins | |
Steve Brookstein-kronologi | ||
---|---|---|
Against All Odds | «Fighting Butterflies» (2006)
|
Den engelske songaren og X Factor-vinnaren Steve Brookstein spelte inn songen for debutalbuemt sitt Heart and Soul. Han vart gjeven ut som den første singelen hans den 20. desember 2004 av Sony BMG. Singelen gjekk heilt til topps i Storbritannia og nådde 11. plass i Irland.
Innhald
- «Against All Odds» – 3:17
- «Smile» (X Factor-framføring) – 1:55
- «Help Me Make It Through the Night» (X Factor-framføring) – 2:00
Lister
Liste | Plassering |
---|---|
Irland[25] | 11 |
UK Singles Chart | 1 |
Andre versjonar
Andre artistar som har spelt inn songen er The Postal Service, The Shadows, Eli Mattson, Dalida, Cuban Link, Montell Jordan, Kira, Beat Crusaders, Karen Parry, Wheesung og Lena Park, John Tesh Project, Lutricia McNeal, Amateur Transplants, , Michael Ball, Barry Manilow, Dune og Trude Herr.
Kjelder
Føregangar «Street Dance» Break Machine | Toppen av VG-lista Phil Collins 4 veker, Veke 24–27, 1984 | Etterfylgjar «Wake Me Up Before You Go-Go» Wham! |