I 1991 vart afrikaans tala av om lag 6 200 000 menneske i Sør-Afrika. Av desse var 100 000 tospråklege, med engelsk som andrespråk. Dessutan vart afrikaans då tala som andrespråk av 4 millionar sørafrikanarar. Afrikaans sin del av folket låg midt på 1990-talet på 15 prosent. I 2006 hadde språket berre 4 740 000 talarar i Sør-Afrika, og rundt 200 000 elles i verda.Afrikaans blir tala av mindre grupper av innbyggjarar i Australia, Botswana, Canada, Lesotho, Malawi, Namibia, New Zealand, Zambia og Zimbabwe.[1]
Infinitiv og presens er alltid homonym, med unntak av verbet wees «å vere», som har presensforma is, og verbet hê «å ha», som er het i presens. Verba kongruerer ikkje med subjektet. Som i mange tyske dialektar har preteritum vorte erstatta av perfektumsforma. «Eg brekk» er ek breek, men «eg brakk» er ek het gebreek. Futurum har ikkje noko separat form, men blir uttrykt med hjelpeverbet sal «skal», ek sal kom, «Eg blir å komme».
Afrikaans har ikkje grammatisk genus. Numerus blir markert med suffiks, enten -e eller -s. Afrikaanse substantiv blir ikkje bøygd i kasus. Afrikans uttrykkjer bestemtheit med hjelp av determinativadie (bestemt) og n (ubestemt).
Når adjektiv står føre substantiv i bestemt form, får dei lagt til eit suffiks -e, og i ein del tilfelle skjer det også fonologiske endringar i stammen.