Addisjon
Addisjon, å leggja til, summere eller plussing er ein av dei grunnleggjande rekneartane innan aritmetikken. Ved addisjon legg ein saman verdien av to (eller fleire) tal, til ein sum. Symbolet for addisjon er +. Tala som blir addert blir kalla addendar eller ledd. Å legge saman vert kalla å addere.
Eit enkelt døme er at 1 + 2 = 3. Addisjon med eit negativt tal er det same som subtraksjon Døme: 1 + (-2) = -1
Meir generelt er addisjon den binære operasjonen til ei abelsk gruppe; han er assosiativ og kommutativ og har eit identitetselement normalt skrive som «0» . I tillegg har alle element x eit inverst element -x.
Summere vert særleg nytta når ein skal finne summen av ei rekkje.
Sjå òg
- Vektoraddisjon
- Subtraksjon
- Multiplikasjon
- Divisjon
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen