AVRO-turneringa i sjakk

AVRO-turneringa i sjakk var ei sjakkturnering halden i Nederland i 1938, sponsa av det nederlandske kringkastingsselskapet AVRO (Algemeene Vereeniging Radio Omroep). Turneringa var ei dobbel alle-mot-alle-turnering. Åtte av dei fremste spelarane i verda var med: Verdsmeister i sjakk Alexander Alekhine, tidlegare verdsmeistrar José Raúl Capablanca og Max Euwe, og dei sannsynlege utfordrarane Mikhail Botvinnik, Paul Keres, Reuben Fine, Samuel Reshevsky og Salo Flohr. Keres og Fine delte førsteplassen, med Keres som vinnar på kvalitetspoeng fordi han klarte 1,5-0,5 i partia mot Reuben Fine. Jose Capablanca, som hadde tapt berre 26 turneringsparti på 29 år, tapte 4 parti i denne eine turneringa. Forklaringa skal ligge i at han fekk eit mindre slag i løpet av turneringa.

Turneringa vart arrangert med målsettinga at den skulle kåre ein utfordrar til verdsmeisteren Alekhine, men det var inga offisiell kandidatturnering. VM-kamp mellom vinnaren Paul Keres og Alekhine vart det ikkje noko av. Forhandlingane førte ikkje fram, for ein del på grunn av utbrotet av den andre verdskrigen i 1939.

Likevel hadde AVRO-turneringa betydeleg status. Så då Verdssjakkforbundet FIDE arrangerte VM-turneringa i sjakk 1948 etter at Alekhine døydde i 1946, så vart dei seks overlenvande deltakarane i AVRO invitert (Capablanca hadde også døydd), bortsett frå at Sovjetunionen fekk byte ut Flohr med Vassilij Smyslov som hadde klart betre resultat fram mot 1948.

Speleprogram

AVRO-turneringa vart spelt frå 6. til 27. november 1938. Spelarane vart flytta frå by til by på følgjande måte: [1]

RundeStadDato
1AmsterdamNov. 6
2HaagNov. 8
3RotterdamNov. 10
4GroningenNov. 12
5ZwolleNov. 13
6HaarlemNov. 14
7AmsterdamNov. 15
8UtrechtNov. 17
9ArnhemNov. 19
10BredaNov. 20
11RotterdamNov. 22
12HaagNov. 24
13LeidenNov. 25
14AmsterdamNov. 27

Krysstabell

Nr.NamnNasjon12345678Total
1Paul Keres XX1=====1===1===
2Reuben Fine 0=XX1=101011==1=
3Mikhail Botvinnik ==0=XX=01=1==1==
4Machgielis Euwe ==01=1XX0=0=011=7
5Samuel Reshevsky 0=010=1=XX====1=7
6Alexander Alekhine ==000=1===XX=1=17
7José Raúl Capablanca 0====010===0XX=16
8Salo Flohr ==0===0=0==0=0XX

Kjelder

Fotnotar