6899 til eg dør
- Artikkel
- Diskusjon
6899 til eg dør er ein underhaldande norsk dokumentarserie frå 2023 om artisten Kjartan Lauritzen, mindre kjent som Per Áki Sigurdsson Kvikne, som impulskjøper eit hotell i barndomsbygda Balestrand.[1]
Per kjøper Balestrand hotell saman med kjærasten sin Randi Sognnæs Aamot og storebroren sin Theodor Sigurdsson Kvikne, og dei har som mål å gjere den idylliske, men litt kjedelege heimbygda ved Sognefjorden attraktiv for unge.[2]
Utfordringa er at hotellet opnar samtidig som Per skal ut på sin viktigaste turné nokon sinne, dei har planar om å lage ein stor musikkfestival i hotellhagen og i tillegg eig og driv dei esportklubben 777 Esport som dei håpar skal vinne Telialigaen. Dei unge hotelleigarane får raskt kjenne på det store ansvaret og den enorme jobben dei har tatt på seg.
Serien handlar om kjærleik, venskap, musikk og å satse mykje for å fylgje draumen.[3]
Serien er utvikla og produsert av NRK Vest og hadde premiere 9. mai 2023.
Tittelen til programmet viser til ein av Kjartan Lauritzen sine låtar «6899/punk brother/telefon» og verselinja «6899 til eg dør Balestrand er for all tid det eg blør alt det som eg ville før, det er det eg gjer no, store draumar kom til meg på SFO.»
# | Tittel | Vises første gang | Episodelengde |
1. episode | «Gå Kjartan» | 9.mai 2023 | 30 min |
2. episode | «Få det på» | 9.mai 2023 | 30 min |
3. episode | «Million» | 9.mai 2023 | 30 min |
4. episode | «Drift» | 9.mai 2023 | 30 min |
5. episode | «La meg vere i fred» | 9.mai 2023 | 30 min |
6. episode | «Superhelt» | 9.mai 2023 | 30 min |
7. episode | «Fredag» | 9.mai 2023 | 30 min |
Hotellet som Kjartan, kjærasten og broren har kjøpt treng eit lag maling, for å seie det mildt. Synd at Kjartan ikkje er så praktisk, då.
Hotellet står på hovudet, Kjartan har sagt ja til spelejobb, og no kjem dei første gjestane. Heldiggrisen Randi.
Theodor har tre fulltidsjobbar, Randi må seie hadet til tannlegejobben og Per blir trivselsminister.
Opningsfest og kvardag – og verdens mest motvillige bartender; Kjartan Eau de Vie Lauritzen.
Kjartan skal snart ut på sin største turné. Han må berre lage litt ny musikk og drive hotellet og seg sjølv til vanvidd først.
Kjartan bur på jobben, som han ikkje skal jobbe på. Der ser han på Randi som jobbar dag og natt. Sikkert bra for forholdet.
Balestrand er ikkje kult. Skal det bli det, må festivalen i hotellhagen bli ein suksess. Men har nokon av dei laga festival før? Nei.