65 Cybele

asteroide

65 Cybele er ein av dei størst asteroidane i hovudbeltet. Asteroiden er namneopphavet til Cybele-familien. Som ein C-type-asteroide er han mørk i farge og karbonhaldig i samnansetning. Asteroiden vart oppdaga 8. mars 1861 av Ernst Tempel og namnsett etter den frygianske jordgudinna Kybele.

65 Cybele
Oppdaging
Oppdaga avErnst Wilhelm Tempel
Oppdagingsdato8. mars 1861
Baneskildring
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5)
Aphel567,544 mill. km (3,794 AE)
Perihel459,654 mill. km (3,073 AE)
Eksentrisitet0,105
Banehelling3,548°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar237,3 km
Masse1,4×1019 kg
? g/cm³
0,1255 km/s
? d
Albedo0,071 [1]

Første stjerneokkultasjon av Cybele vart observert 17. oktober 1979 frå Sovjetunionen. Ein diameter på 230 km kom fram, noko som passa bra med diameteren på 237 km IRAS-satellitten seinare kom fram til. Under okkultasjonen vart det mogelegvis observert ein satellitt med ein diameter på 11 km.[2]

Kjelder