400-talet fvt.

hundreår

< 400-talet fvt. (f.Kr.) > såg byrjinga av ei stordomstid for gresk kultur, med ei kulturell og politisk stordomstid for Aten og andre greske byar. Utviklinga av klassisk gresk filosofi som la grunnlaget for seinare europeisk tenking.

Gresk terrakottavase frå 400-talet f.Kr.
Rituell kornhaldar frå det kinesiske Zhou-dynastiet.

Persarriket var også mektig, og Hellas blei invadert av riket to gonger under Persarkrigane, men kom ikkje under persisk kongedøme.

Religionsgrunnleggjaren Gautama Buddha levde truleg i dette hundreåret.

Hendingar

  • 499 f.Kr: Persarkrigane tok til med det joniske opprøret mot Persarriket, starta av Aristagoras, leiaren av Milet.
  • 490 f.Kr: Darius av Persarriket sende ein hær over Egearhavet mot Aten og Eretria som straff for at dei hadde støtta greske opprørarar i Vesle-Asia i 499 f. Kr. Eretria blei plyndra og brunnen, men Aten blei redda i Slaget ved Marathon. Bodberaren Philippides skal ha sprunge fire mil til Aten med bodskapen «Νενικήκαμεν» (nenikekamen, 'vi vann'), før han fall saman og døydde.
  • 447 f.Kr: Bygginga av Parthenon i Aten tok til
  • 447 f.Kr: Atenarane vert drivne ut av Viotía etter slaget ved Koroneia. Det peloponnesiske forbundet og det atenske sjøforbundet inngår ein fredsavtale som skal vara i 30 år.
  • 447 f.Kr: Akhaios av Eretria framførte det første stykket sitt.
  • 431 f.Kr: Peloponnesarkrigen tok til.
  • 412 f.Kr: Alkibiades forhandla fram ein allianse mellom Sparta og Persia men mista støtte i Sparta og gjekk over til persarane.
  • 412 f.Kr: Atenarane røysta for å bruka dei siste midla sine til å bygga ein ny flåte.
  • 412 f.Kr: Den ionske byen Klazomenai (latin Clazomenae, moderne tyrkisk Kelisinan) gjorde opprør mot Aten men blei overvunnen.
  • 412 f.Kr: Euripides skreiv skodespelet Elektra.
  • 404 f.Kr: Peloponnesarkrigen tok slutt då Aten kapitulerte for Sparta.
  • 404 f.Kr: Artaxerxes II blei keisar i Persarriket etter faren Darius II
  • 404 f.Kr: Amyrtaios erklærte seg sjølv konge av Egypt i opprør mot dei persiske herskarane. Dette er rekna som slutten på det tjuesjuande egyptiske dynastiet.


Viktige personar

Statue av Buddha.
<   400-talet fvt.  >