22 Kalliope

asteroide

22 Kalliope er ein stor hovudbeltetasteroide av M-typen og vart oppdaga av J.R. Hind den 16. november 1852. Den er namngjeven etter Kalliope, eposdiktingas greske muse.

22 Kalliope
Oppdaging
Oppdaga avJohn Russell Hind
Oppdagingsdato16. november 1852
Baneskildring
Epoke 12. november 2005 (JD 2453686,5)
Aphel479,931 mill. km (3,208 AE)
Perihel390,433 mill. km (2,610 AE)
Eksentrisitet0,103
Banehelling13,710°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar215×180×150 km
Masse6,3 ± 0,5 ×1018 kg
2,03 ± 0,16 g/cm³
0,09 km/s
0,1728 d (4,148 t)
Albedo0,142

Karakteristikkar

Kalliope er noko avlang, omtrent 180 km i diameter, og lett asymetrisk. Dette har forskarane funne ut i frå bilete tekne av VLT ved ESO.

Medan spekteret høyrer til ein M-type, ser ikkje Kalliope ut til å vera metallisk lik andre M-typar som til dømes 21 Lutetia.