1944 av Jamala

«1944»
Song av Jamala
LandUkraina
SpråkEngelsk og krimtatarisk
Utgjeve27. februar 2021
SjangerKlagesong, elektropop, folk
Lengd03:00
SelskapEnjoy
TekstforfattarDzjamala
Låtskrivar(ar)Susana Dzjamaladinova og Art Antonyan

«1944» er ein song skriven og framført av den ukrainske songaren Jamala. Songen representerte Ukraina og vann Eurovision Song Contest 2016 med 534 poeng, den høgaste poengsummen i tevlinga til då.[1][2] Ein musikkvideo til songen vart sloppen 21. september 2016.[3]

Bakgrunnen for teksta

Teksta til «1944» tek for seg deportasjonen av tatarar frå Krim1940-talet, befalt av Josef Stalin, som hevda tatarane samarbeidde med nazistane.[4] Jamala var særleg inspirert av historia til si eiga oldemor, som var i 20-åra då ho og dei fem borna hennar vart deporterte til Sentral-Asia. Eitt av borna døydde under reisa austover.[5][6][7][8] Oldefaren var bortreist som soldat i Den raude hæren og kunne dimed ikkje verna familien sin.[7]

Songen til Jamala vart særleg aktuell sidan han vart laga og lansert kort tid etter den russiske anneksjonen av Krimhalvøya. Mange av krimtatarane anerkjenner ikkje den russiske annekteringa.[9]

Refrenget i songen vert sunge på krimtatarsk og hentar ord frå ein lokal folkesong kalla «Ey, güzel Qırım». Jamala høyrde oldemora synge songen, og den handlar om ei tapt ungdomstid som ikkje kunne haldast til i heimlandet.[10] Blant instrumenta som vert brukt i songen er ein duduk. Jamala syng også songen delvis på mugham, ein særeigen vokalstil i regionen.[11]

Vegen mot Eurovision Song Contest

Jamala framfører «1944» under ei av prøvene i Stockholm i 2016.

Jamala vann den ukrainske finalen vinteren 2016 og vart dimed Ukrainas representant til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.

I eit intervju med radiokanalen Radio Free Europe i februar 2016 uttala Jamala at songen minna ho om hennar eigen familie som framleis lever på Krim. Ho sa vidare at etter den russiske annekteringa av Krim i 2014 bur «krimtatarane no i eit okkupert område».[12][13] Teksta til songen omhandlar likevel ikkje anneksjonen i 2014.[14] Enkelte russiske politikarar og dei russiske myndigheitene på Krim skulda likevel ukrainske myndigheiter for å bruke songen til «å fornærme Russland».[8][15] I mars 2016 uttala Den europeiske kringkastingsunionenTwitter at korkje tittelen på songen eller tekst var å rekne for som politisk – og dimed i samsvar med tevlingsreglane.[16]

Sigeren og etterspelet

Jamala under pressekonfereansen etter finalen av Eurovision Song Contest i 2016.

«1944» deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai som nummer 14, etter Danmark og før Noreg. I semifinalen kom Jamala på andreplass, bak australske Dami Im med «Sound of Silence», og Ukraina kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 14. mai.

I finalen deltok Jamala som nummer 21 av 26, etter Latvia og før Malta. Etter at juryavrøystinga var over, låg Jamala på andreplass, bak Australia. Russland var nummer fem. Etter juryavrøystinga vart telefonrøystene offentleggjorde. Her vart Australia nummer fire, og til slutt stod det mellom Ukraina og Russland. I den nervepirrande avslutningen tok Ukraina sigeren, sjølv om Russland hadde fått flest poeng frå tv-sjåarane i Europa. Ukraina vart nummer to i telefonavrøystinga, men fekk flest poeng samanlagt av juryane og telefonrøystene.[17] Dette var den andre sigeren til Ukraina i Eurovision Song Contest.

Etter sigeren meinte fleire russiske medium at sigeren både var «provoserande og politisk», og også utanlandske og norske medium meinte tevlinga hadde mista uskylda då «1944» vann.[18][19][20] Sigeren førte til at Ukraina fekk arrangere Eurovision Song Contest i 2017.

Listeplasseringar

Liste (2016)Høgaste
plassering
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[21]54
 Belgia, Flandern (Ultratip)[22]13
 Finland (Suomen virallinen lista)[23]64
 Frankrike (SNEP)[21]49
 Ungarn (Single Top 40)[24]40
 Russland (TopHit)[25]135
 Spania (PROMUSICAE)[21]32
 Sverige (Sverigetopplistan)[21]46
 Sveits (Schweizer Hitparade)[21]73
 Ukraina (FDR)[26]2
Liste (2022)Høgaste
plassering
 Litauen (AGATA)[27]8

Kjelder