1940-åra

tiår
(Omdirigert frå 1940-talet)

1940-åra var eit tiår på 1900-talet. Det var sterkt prega av andre verdskrigen, som herja i bortimot heile verda i fyrste halvdelen av tiåret. Krigen hadde store menneskelege og politiske verknadar, og førte med seg opprettingar av fleire nye land og internasjonale organisasjonar. Det blei også innført nye sosiale system, som statleg velferd og det økonomiske Bretton Woods-systemet. Ny teknologi og vitskap utvikla under krigen blei vidareutvikla i etterkrigstida, som ballistiske missil, kjernekraft, datamaskinar, radar og jetmotorar.

Waldenburg i Tyskland i 1945

Hendingar i utlandet

Krigar

Jødar i ei jernbanevogn på veg mot ein utryddingsleir.
Andre verdskrigen
  • Nazi-Tyskland invaderte Polen, Danmark, Noreg, Benelux og Frankrike frå 1939 til 1941.
  • Sovjetunionen invaderte Polen og Finland og okkuperte Latvia, Estland, Litauen og dden rumenske regionen Bessarabia frå 1939 til 1941.
  • USA gjekk inn i krigen etter det japanske åtaket på Pearl Harbor 7. desember 1941.
  • Holocaust, også kjend som sjoah, viser vanlegvis til folkemordet på rundt seks millionar europeiske jødar i løpet av andre verdskrigen i eit målretta program drive av Nazi-Tyskland, allierte og kollaboratørar.[1] Nokre forskarar meiner at Holocaust-omgrepet også bør omfatta dei systematiske drapa på millionar av andre grupper, som etniske polakkar, romfolk, sovjetiske krigsfangar og sivile, folk med funksjonshemmingar, homofile og politiske og religiøse motstandarar.[2] Etter denne definisjonen er talet på Holocaust-offer mellom 11 og 17 millionar menneske.[3]
  • Manhattanprojektet; utviklinga av den fyrste atombomba og bruken av slike våpen over Hiroshima og Nagasaki
  • Nürnbergprosessane blei gjennomførte etter krigen.
Andre

Internasjonale organisasjonar

Sjølvstende og nye land

Hendingar i Noreg

  • Operasjon Weserübung, den tyske invasjonen av Noreg i april 1940
  • Tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms frå 1944 til 1945
  • Barnetrygd blei innført i Noreg i 1946

Viktige personar

Statsleiarar

Militærleiarar

  • Feltmarskalk Erwin Rommel
  • Reichsmarschall Hermann Göring
  • Feltmarskalk Erich von Manstein
  • Feltmarskalk Gerd von Rundstedt
  • Marskalk Ion Antonescu
  • General Hideki Tōjō
  • General Kuniaki Koiso
  • Feltmarskalk Hajime Sugiyama
  • Flåteadmiral Isoroku Yamamoto
  • Flåteadmiral Osami Nagano
  • Feltmarskalk Georgij Zjukov
  • Feltmarskalk Ivan Konev
  • General Dwight D. Eisenhower
  • General George Marshall
  • General Douglas MacArthur
  • General Omar Bradley
  • General George S. Patton
  • Flåteadmiral Chester W. Nimitz
  • Flåteadmiral Ernest J. King
  • Feltmarskalk Harold Alexander
  • Feltmarskalk Bernard Montgomery
  • Général d'Armée Jean de Lattre de Tassigny
  • Brigadergeneral Charles de Gaulle
  • General Henri Winkelman
  • General Bernhard av Lippe-Biesterfeld

Aktivistar og religiøse leiarar

Kjelder

< 1940-åra >

1940 |1941 |1942 |1943 |1944 |1945 |1946 |1947 |1948 |1949