(I'm Not Your) Steppin' Stone

(I'm Not Your) Steppin' Stone
Song av Paul Revere & The Raiders
frå albumet Midnight Ride
SjangerRock
Lengd2:51
KomponistTommy Boyce, Bobby Hart
TekstforfattarTommy Boyce, Bobby Hart
Låtskrivar(ar)Tommy Boyce and Bobby Hart
ProdusentTerry Melcher

«(I'm Not Your) Steppin' Stone» er ein rockesong skriven av Tommy Boyce og Bobby Hart. Han vart først spelt inn av Paul Revere & the Raiders og kom ut på albumet deira Midnight Ride, utgjeve i mai 1966.

Songen er enkel musikalsk med ein repeterande versprogresjon i E-dur, G-dur, A-dur og C-dur og eit repeterande mellomspel i alla breve i E-dur, G-dur, A-dur og G-dur.

Monkees-versjonen

(I'm Not Your) Steppin' Stone
Singel av The Monkees
frå albumet More of the Monkees
A-side

«I'm a Believer»

Språkengelsk
Utgjeve12. november 1966
Innspelt26. juli 1966
Western Recorders Studio #1
Hollywood, CA
Sjanger
Lengd2:23
SelskapColgems
KomponistTommy Boyce, Bobby Hart
TekstforfattarTommy Boyce, Bobby Hart
Låtskrivar(ar)
  • Tommy Boyce
  • Bobby Hart
Produsent
  • Tommy Boyce
  • Bobby Hart
The Monkees-kronologi 
«Last Train to Clarksville»
(1966)
(I'm Not Your) Steppin' Stone«A Little Bit Me, a Little Bit You»
(1967)


Songen er mest kjend som ein hit for The Monkees (US #20) i november 1966.[2] Musikarane på innspelinga var Micky Dolenz (solovokal); Tommy Boyce (korvokal); Wayne Erwin, Gerry McGee og Louie Shelton(gitar); Bobby Hart (orgel); Larry Taylor (bass); Billy Lewis (trommer) og Henry Lewy (perkusjon).

Versjonane til Monkees på singelen og stereo- og monoversjonen av albumet er alle forskjellige.

Andre versjonar

Songen er blitt spelt inn av mange andre aritstar, som Liverpool Five, Sex Pistols, Tom Petty and the Heartbreakers, Vicious White Kids, Johnny Thunders, The Merton Parkas, Blutgräfin, Minor Threat, Denny Darrison & the Heavy Bertations, State of Alert, The Flies, The Farm, The Catalina Scramblers, The Feminine Complex, DS-13, Denki-Groove, Six Feet Under, The Trashmen, Intruder, The Untouchables, Modern Rocketry, Hot Nasties, Per Gessle, Les Thugs, Fang, The W.C. Fields Memorial Electric String Band, The Pivots, Deadlok, The Rebounds, Barbi and the Kens, argentinske Massacre, The Flares og britiske Scholars.

Det var òg ein hit for Modern Rocketry i 1983 som nådde sjuandeplassen på den amerikanske Disco/Dance/House-lista og av PJ & Duncan i 1996, som nådde 11. plassen på UK Singles Chart.[3]

Kjelder