Øya Hawaii

Øya Hawaii er den største øya i øygruppa Hawaii og er ei av dei åtte bebudde hovudøyane, som saman utgjer den 50. delstaten i USA.

Bilde av øya Hawaii tatt av NASA.
Hawaii i øygruppa Hawaii.

For å unngå namnemisforståing mellom staten Hawaii og øya Hawaii blir sistnemnde som oftast kalla the Big Island av lokalbefolkinga.

Ein meiner at øya er kalla opp etter Hawai’iloa, som var ein kjend polynesisk navigatør, som oppdaga øygruppa. I 2003 hadde øya ei fastbuande befolkning på 158 423 personar.

Viktige byar

  • Hilo med eit folketal på 40 759 er den største byen på øya og den nest største byen i deltstaten etter Honolulu, som ligg på Oahu. Universitetet på Hawaii har ei avdeling i Hilo.
  • Kailua-Kona er den nest største byen på øya og er sentrum for turismen på øya.

Næringsvegar

Turisme er den viktigaste inntektskjelden for øya. Landbruksprodukt, fedrift, macadamianøtter, papaya, blomar, grønsaker og kona-kaffi er viktige varer.

Verdt å vitja

Akakafossen
  • Hawaii Volcanoes National Park, dei aktive vulkanane Kilaunea og Mauna Loa ligg i parken
  • Pu’uhonua o Honaunau, nasjonalhistorisk park.
  • Onizuka Space Center; museum til minne om astronauten Ellison Onizuka.
  • Hulihee Palace, kongeleg palass frå tida som kongerike, ligg i Kailua-Kona.
  • Akakafossen, den høgaste fossen på øya.
  • Mauna Kea-observatoriet, ligg på det høgaste punktet i staten Hawaii, Mauna Kea. Det er 4207 meter høgt.
  • Naalehu, den sørlegaste byen på øya og i USA.
  • Ka Lae eller South Point, det sørlegaste punktet på øya og i USA.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Øya Hawaii