Åkerrikse

fugleart

Åkerrikse (Crex crex) er ein trekkfugl i riksefamilien. Han finst i det meste av Europa, men er kategorisert som kritisk trua (CR) på norsk nasjonal raudliste for artar.[1]

Åkerrikse
Åkerrikse
Åkerrikse
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: CR Kritisk trugaUtbreiinga av åkerrikse
Utbreiinga av åkerrikse
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Orden:Tranefuglar Gruiformes
Familie:Riksefamilien Rallidae
Slekt:Crex
Art:Åkerrikse C. crex
Vitskapleg namn
Crex crex

Utsjånad

Åkerriksa er ei mellomstor rikse som måler 27–30 cm og har eit vengespenn på 42–53 cm. Hannfuglane veg i gjenomsnitt 165 gram og hofuglane 145 gram. Fjørdrakta er kryptisk farga i brune, svarte og grå nyansar som gir bra kamuflasje. Fjørene på isse og rygg hos den adulte hannen har svart midtparti, brun spiss og sandfarga og grå brem, noko som gir eit svartprikka inntrykk i felt. Dei øvre vengedekkfjørene er distinkt raudbrune. Ansiktet, strupen og brystet er blågrå, utover det lysbrune augestreket som strekker seg frå nebbasen og møter det brune på halsen. Buken er lysgrå og kroppssida streka i kvitt og raudbrunt. Den kraftige nebben er kjøttfarga, irisen brun og føter og bein er lyst grå.

Hekking

Åkerriksa kan legga egg frå mai til juli, av og til i august.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff