Ávila

Ávila
Flagget til ÁvilaByvåpenet til Ávila
Flagget til ÁvilaByvåpenet til Ávila


Plassering
Ávila is located in
Styresmakter
Land Spania
Autonom regionCastilla y León
ProvinsÁvila
Grunnlagd[[]]
BorgarmeisterMiguel Ángel García Nieto
Geografi
Flatevidd
 - By

231,9 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

56 144
  242,1 /km²
Koordinatar40°39′N 4°41′W / 40.650°N 4.683°W / 40.650; -4.683
Høgd over havet1131 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer05001 - 05006
Nettstad: www.avila.es

Ávila de los Caballeros (latinsk Abila og Óbila) er provinshovudstaden i provinsen Ávila i den autonome regionen Castilla y León i Spania.

Byen ligg 1117 meter over havet og er den høgastliggande provinshovudstaden i landet. Han ligg på ein flat topp som stig bratt opp frå den omliggande villmarka. Dette gjer at byen har eit ekstremt klima med særs harde, lange vintrar og korte somrar.

Historie

Porten til Alcázar

Ávila kan ha vore den gamle byen Abula, nemnd av Ptolemaios i Geographia (II 6, 60) i den iberiske regionen Bastetania.[1] Abula er nemnd som ein av dei første byane i Hispania som vart kristna, særleg av Saint Secundus (San Segundo).[1] Men Ávila kan òg ha vore Obila istadenfor , medan Abula kan ha vore Abla.[1]

Ávila er mest kjend for bymurane frå mellomalderen. [2]. Dei vart bygd av brun granitt i 1090 med åtti tårn og ni portar som framleis er intakte. Ein stor del av byen ligg derimot i dag utanfor bymurane. Den gotiske katedralen er ein del av forsvarsverket i byen. Han vart bygd mellom 1100- og 1300-talet og ser ut som ei festning med befesta murar og to solide tårn. I tillegg vart dei romanske kyrkjene San Vicente, San Pedro og San Segundo bygd på 1100-talet. I det gotiske klosteret Santo Tomás, reist av den katolske dronninga Isabella i 1482, står ein marmorskulptur, hogd ut av den florentinske skulptøren Domenico Fancelli på 1400-talet. Skulpturen står over grava til prins Juan, den einaste sonen til Ferdinand og Isabella.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ávila

Kjelder

🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen