Polen i Junior Eurovision Song Contest

Polen debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark med songen «Coś mnie nosi», framført på polsk av Katarzyna Żurawik. Bidraga vart vald gjennom den nasjonale finalen Junior Eurosong. Landet deltok berre i 2003 og 2004. Fyrste gongen kom dei på siste plass med 3 poeng, og andre gongen kom dei på delt sisteplass med Latvia.

Polen

OffisieltPolen

Telewizja Polska
Uttakingar
Nasjonalt8
Internt1
Deltaking
Debutår2003
Deltakingar9
Beste resultat
Finalen1 (2018 og 2019)
Verste resultat
FinalenSist (2003 og 2004)
Poeng
Totalt1 100

I 2016, etter å ha vore vekke frå tevlinga i tolv år, vendte Polen attende til Junior Eurovision Song Contest. Dei valde å gjennomføre ei nasjonal uttaking, og Olivia Wieczorek vart vald til å representere landet, med songen «Nie zapomnij».

Polen har vunnet Junior Eurovision Song Contest to gongar. I 2018, vann Polen tevlinga for fyrste gong med songen «Anyone I Want to Be», framført av Roksana Węgiel.[1] I 2019, vart Polen det fyrste landet i Junior Eurovision Song Contest til å vinne to år på rad og til å vinne på heimebane, då Viki Gabor vann tevlinga med songen «Superhero».

Bidrag i Junior Eurovision Song Contest

ÅrArtistSongSpråkPlassPoeng
2003Katarzyna Żurawik«Coś mnie nosi»Polsk163
2004KWADro«Łap życie»Polsk173
2016Olivia Wieczorek«Nie zapomnij»Polsk og engelsk1160
2017Alicja Rega«Mój dom»Polsk8138
2018Roksana Węgiel«Anyone I Want to Be»Polsk og engelsk1215
2019Wiktoria Gabor«Superhero»Polsk og engelsk1278
2020Ala Tracz«I'll Be Standing»Polsk og engelsk990
2021Sara Egwu-James«Somebody»Polsk og engelsk2218
2022Laura Bączkiewicz«To the Moon»Polsk og engelsk1095

Røystehistorikk

Polen har gjeve flest poeng til
Nr.LandPoeng
1 Ukraina47
2 Georgia46
3 Australia45
4 Kviterussland39
Spania

Polen har fått flest poeng frå
Nr.LandPoeng
1 Malta44
2 Serbia36
3 Nederland35
Ukraina
5 Kviterussland32

Galleri

Junior Eurovision Song Contest i Polen

ÅrStadArenaProgramleiarar
2019GliwiceArena GliwiceIda Nowakowska, Aleksander Sikora og Roksana Węgiel
2020WarszawaHovudkvarteret til TVPIda Nowakowska-Herndon, Rafał Brzozowski og Małgorzata Tomaszewska

Sjå òg

Fotnotar

Kjelder