Berte Skeel
Berte Skeel (26. mars 1644–5. juli 1720) var ei dansk adelskvinne og filantrop som var medstiftar av Roskilde Adelige Jomfrukloster.
Berte Skeel | |||
| |||
Fødd | 26. mars 1644 Vallø | ||
---|---|---|---|
Død | 5. juli 1720 København | ||
Land | Danmark | ||
Mor | Birgitte Corfitzdatter Rud | ||
Far | Christen Skeel | ||
Ektefelle | Niels Rosenkrantz |
Skeel vart fødd på Vallø, som dotter av riksråd Christen Skeel til Fusingø (1603–1659) og Birgitte Rud (1612–1645).[1] Ho vart trulova med oberst Kjeld Lange, men då han fall i 1658 under omleiringa av København, gifta ho seg på ny i 1662 med Niels Rosenkrantz til Stovgård (1627–1676). Han fall som generalløytnant under den skånske krigen. I dette ekteskapet hadde ho fødd fire barn, som ho alle mista.
Skeel søkte erstatning ved å oppsede ei mengd adelege gutar og jenter i heimen sin. I 1683 kjøpte ho Selsø, og frå sin far arva ho Holbækgård, som ho oppretta til stamhus for brordotter si. I 1698 kjøpte ho, saman med Margrethe Knudsdatter Ulfeldt, Sortebrødregaard i Roskilde med tilhøyrande gods, der dei året etter oppretta Roskilde Adelige Jomfrukloster. Dessutan stifta ho fleire mindre legat, mest til fordel for fattige.[2]
Skeel døydde i København i 1720, og vart bisett i Nikolaj kirke.