Ellipse eller utelatingsteikn; … er i typografien eit skriftteikn – tre prikkar – som markerer at noko er utelate i ein tekst. Ein brukar mellomrom før og etter teiknet dersom det markerer at eitt eller fleire ord er utelatne i ein tekst. Dersom bokstavar i eit ord er utelatne, brukar ein ikkje mellomrom.
«Eg veit ikkje … har ikkje tenkt … jo, kanskje.»
«Eg veit f… ikkje.»
Når tekst er utelaten frå ein sitert tekst, set ein utelatingsteiknet i hakeparentes.
«Peer du lyver! […] Nå, så bann på at det er sant!»
Teiknet er samansett av tre prikkar. I eit ekte ellipseteikn er det større mellomrom mellom prikkane enn mellom tre punktum skrivne etter kvarandre. Ellipseteiknet er eit eige symbol og tastekombinasjonen (i Windows) for å skrive ellipsen er Alt + 0133. For Mac er kombinasjonen Alt + . (punktum).I Word får ein fram teiknet ved å trykkje ned <alt gr> og <.> (punktum) HTML-koden for ellipse er «…»