Springvaktlar er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge. Hofuglane er mest fargerike og tar initiativ til paringsleik. Til forskjell frå dei fleste andre fuglar er artane i denne familien polyandriske, hofuglar sirkulerer blant fleire hannar og held rivaliserande hoar borte frå territoriet ho gjer krav på. Begge kjønna samarbeider i å byggje reiret på bakken, men berre hannen rugar på egga og syter for ungane. Rugetida er på 12 eller 13 dagar, og ungane er flygedyktige innan to veker etter klekking.
Springvaktlar liknar vaktlar utan at familiane er nært relaterte. Tradisjonelt var springvaktlar klassifisert som tranefuglar eller som hønsefuglar, Galliformes. No er springvaktlelfamilien tatt med i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes.[1]