* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Sócrates Brasileiro Sampaio de Souza Vieira de Oliveira (19. februar1954–4. desember2011), best kjend som Sócrates, var ein profesjonell fotballspelar frå Brasil. Mellom 1979 og 1986 spela han 60 kampar for det brasilianske landslaget og scora 22 mål. Han deltok i Fotball-VM 1982, då som kaptein, og i Fotball-VM 1986.
Frå 1979 spela han for Botafogo FC. I Brasil spela han og for Corinthians, Flamengo og Santos. I 1984 - 85 var han med i Fiorentina i Italia.
Sócrates slutta å spele i 1989, men gjorde i 2004 comeback som spelande trenar i det engelske amatørlaget Garforth Town.
Sócrates var busett i Brasil med kone og seks born. Samtidig med den profesjonelle fotballkarrieren var han utdanna lækjar og jobba som dette heime i Brasil. Han skreiv mykje i lokalavisene både om sport, økonomi og politikk. Sócrates døydde etter kort tids sjukdom.